Ungdomen på Moi skrur av fjernsynet i påskehøgtida. Det er ikkje naudsynt med riksdekkjande påskekrim. Denne gjengen med unge etterforskarar er i full sving med å oppklåre grov kriminalitet i sitt eige grannelag. Dei siste dagane he dei funne det mest turvande å kople inn lokale politistyresmakter. Gutane legg ikkje skjul på at dei no [...]
Det er ikkje lenge sidan halve bygda stod på hovudet då vegstellet tok til å hogge ned den vidgjetne «Sparebank-furua» på Hornnes. Eit landemerke vart so altfor tidleg teken bort. Så var turen komen til furuskogen attmed Evje kyrkje. Eit skogholt der kvart einskild furutre var oppkalt etter dei sju Apostlane i bibelsoga. Heller ikkje [...]
Line Vennesland (Ap) frå Moisund he synt seg å vere ein uredd politikar. Ho er alltid godt førebudd når ho tek ordet enten det no er i heradstyret eller fylkestinget. Det vert så avgjort lagt merke til i korridorane, både lokalt og nasjonalt, når jenta frå Moi tek ordet i viktige saker. No på fredag [...]
Merete Lund er busett i Åmli. Denne vinteren he ho delteke i ei landsdekkjande konkurranse som vart lyst ut av sportskjeda Intersport. I samband med denne konkurransa skulle kvar einskild deltakar skrive om kva mål dei he satt seg sjølve når det gjeld m.a. idrott. I 2008 sprang Merete Berlin Maraton på 4 timar og [...]
Laurdagskvelden vart det satt ny kinorekord i Iveland. Storfilmen «Yohan» lokka ivelendinger i alle aldre ut av godstolen. Heile 84 personar møtte fram til framsyninga. Ny rekord og eit oppsving for denne bolken av kulturlivet i Iveland. Frå Evjemoen vert det meldt at meir enn 900 personar såg filmen alt fyrste dagen.
I år som tidlegare vert det påskefest i mannskapsmessa på Evjemoen onsdag 31.mars. I år er det gruppa »RÆGA RÅKKERS» frå Kristiansand som stend for underhaldninga. Den livlege gjengen lover full trykk frå den fyrste akkorden. Dørene opner kl 21:00 og Stein Uleberg lover mat og mykje god drikke til alle som måtte kome på påskefesten! Siste [...]
Laurdagskvelden var kyrkjelyden i Evje kyrkje ein del av den verdsomspennande markeringa «Earth Hour«. Mellom klokka 20:30 og 21:30 vart folk oppmoda om å skru av alt ljos, både i heimen og i offentlege bygg og anlegg. I Evje kyrkje var kring 60 mennesk samla for å take del i denne internasjonale markeringa.
Dampbåten Skibladner vert ofte omtala som » Mjøsa’s hvite svane.» Kva namnet vert etter at halve Iveland he vore ombord i farkosten denne våren er det framleis ingen som veit. Det me likevel veit er at Frivilligsentralen, med hovudsete på Birketveit, no innviterer bygdefolk med på det som truleg vert ein minnerik tur til m.a [...]
På dette kurset vil man lære grunnleggende salsa med partner. Det blir lite hoftevrikk, men man lærer flere gøye turer. Her vil du lære nok til å danse salsa på egenhånd, eller for å gå videre på kurs i byen. Det kan være lurt å ta med seg en partner, men det er ikke [...]
Dei to evjejentene Cecilie Ohna og Karina Lislevand tok utfordringa på strak arm og reiste like godt til Russland, til byen Novgorod, for å halde fyrstehjelpskurs. Raudekrossen i Aust Agder he eit samarbeidsprosjekt med vener i Russland, og det var i samband med dette prosjektet at Cecilie og Karina la ut på den lange og [...]
Evje-bandet »Løvlands alle‘ » er på fleire måtar eit positivt innslag på den musikalske stjernehimmelen. Deira særmerkte stil, både musikalsk og språkmessig, he gjeve gutane mykje åtgaum både i lokalmiljøet og i den nasjonale musikkpressa. Dei er ikkje redde for å gå eigne vegar, og medan turnelista for sumarsesongen no byrjar [...]