Frå Høgås skianlegg i Evje & Hornnes meldast det no om at løypenettet er klart til å take i mot storinnrykk til vinterferien. Vermeldinga spår godt ver så det vert truleg mykje folk å sjå i løypene inn mot Himmelsyna. Omlag 70 km med løyper er så langt køyrd opp. Seinare denne veka vert det og køyrd opp løype mot Bertesknapen og Nevertjønn. Ein kan samstundes gjere merksam på at ljosløypa mellom idrottsplassen på Evje- og Evjemoen er svært bra no om dagen. Daglege oppdateringer om løypetilhøva finn du på heimesida til Otra IL.





