Kan hende er dette ei helsing frå ein angrande syndar som he passert fotoboksen i altfor stor fart. Eit forsøk på å slette alle fotografiske spor. Det he seg i alle fall slik at båe fotoboksane på Rv9 ved Slettefet på Moisund er sundskotne med kuler og krutt. Dette kan sjølvsagt og vere spor etter ein svært så uheldig- eller uvøren lokal skarpskyttar.





