x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mars 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« feb   apr »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  
logo-gsi

Klubbrenn på Høgås

Den 25. februar vart det 4. rennet i Telenorcup skipa til på Høgås skistadion. Totalt 51 personar, gutar og jenter, stilde på startstreken. Det var fantastiske forhold og blå Swix var nok den mest etterspurde skismøringa denne kvelden. Gradestokken synte 6 kuldegrader og det var teikn til einskilde lette snøbyger under sjølve tevlinga. Av kvinnfolka var det Åse Guldsmedmoen som var snappast medan vegvaktaren Sigurd Wiberg var uslåeleg i guteklassa. Neste tevling på Høgås vert den 25. mars – i ljosløypa. For komplett resultatliste syner me til heimesida til Otra IL.  Alle bileta er teken av Geir Magne Feed.

Otra IL - 50 år og sprekare enn nokon gong

Klassisk eller fristil... Valet er ikkje enkelt når ein stend på startstreken som aller fyrste mann.

Himmelsynatrollet var hjarteleg tilstades.

Stengt for kommentarer.