Logo
Maskinsalg Honda1
Evjetun-logo

Trykk på bilete for å lese meir

Kva skjer?

Landbrukstilskot

Netthandel

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 12 Gjester.

Revymoro på Byremo til helga

PRESSEMELDING: Fredag 26. Februar hadde Grindheim ungdomslag på Byremo premiere på revyen «Gjengangere». Dei tre første forestillingene vart til saman sett av over 300 personar. Namnet skuldast ikkje at revygruppa har latt seg inspirere av Henrik Ibsen. Revygruppa til Grindheim ungdomslag har derimot  runda 25 år, og den trufaste kjerna av tekstforfattarar og skodespelarar har vore med i omtrent 20 år, med et lite tilsig og fråfall underveis. Dei samme gamle går igjen, slik er det bare. (Foto: Tor Olav Rydlende)

Ei noe uønska effekt av revynamnet er at nokre personar som i utgangspunktet hadde tenkt seg på revy etter sigande ombestemte seg, fordi dei trudde det her var snakk om ting dei hadde sett før! Dette stemmer slett ikkje – alle dei kring 20 innslaga er nye og er ført i pennen av revygruppa sjølv. Men skodespelarane har dei rett nok sett før.

Me legg oss i selen for at revyen skal vere sjåverdig for folk i nabokommunane også – ikkje berre for audnedølar. Det trur me faktisk me har klart, og både Åseral, Marnardal og Hægebostad får sitt. Til helga går dei to siste av heile fem framsyningar, den 4. og 5. Mars – begge dagar klokka 19.00. Staden er auditoriet på Byremo videregående skule. Billett kan tingast på telefon: 975 28 578

Gjengangerne – skodespelarane dukker opp som figurar dei har spela opp gjennom åra. Frå venstre Helge Håland, Søren Seland, Ove Haaland, Tor Erik Leland, Gerd Karin Flottorp, Tønnes Seland, Linda H. Werdal, Bjørn Otto Mjåland og Hans Gunnar Sveindal. (Foto: Tor Olav Rydlende)

Stengt for kommentarer.