x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mars 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« feb   apr »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  
logo-gsi

Alltid ei open dør på Hægeland

Hægeland Trevarefabrikk kan sjå attende på meir enn 60 år som lokal industriverksemd. Ikkje noke prangande industrilokale med glasfasade og blenkjande neonljos. Knapt nok synleg frå stamvegen. Kontorsjef Dag Yngve Aasen (bilete ) tek i mot oss i forstova. Ungguten fortel oss inngåande om den tradisjonsrike verksemda som no vert leia av Yngvar Aasen- dørprodusent i 2. generasjon. Direktøren var denne dagen på forretningsreise i Danmark og det vart såleis Dag Yngve som synte oss rundt i fabrikklokala.Han vart beint fram så ihuga at han gløymde å servere den vitjande bladfyken så mykje som ein einaste drope med kaffe. Det vart eit gildt møte på Hægeland.

Dag Yngve Aasen synte oss rundt i dørfabrikken.

Det er 7 tilsette hjå Hægeland Trevare. Alle mannfolk. Omsetninga dei siste åra he ligge på rundt rekna 6 millionar. For det meste er det dører som vert produsert. Ytterdører av alle slag. Her kan dei produsere kva kunden ynskjer. Kjem du med ei brukande teikning eller ein himla god ide så er det ikkje lenge før høvelen sviv ute i produksjonshallen. Dette er nok den store styrken til ei slik verksemd. Dei er fleksible i alle ledd og kan produsere det aller meste. Alle dører vert i dag produsert etter ordre frå kundar. Svært lite vert produsert for lager.

Knut Løvdal er tilsett hjå Hægeland Trevare og er ein svært så røynd dørprodusent. Han lurte beint fram på om dette biletet skulle på prent i Se & Hør.....

Riksantikvaren stend rimeleg høgt i kurs hjå Hægeland Trevare. Mange stader er det strenge krav til tradisjon og utsjånad når det t.d. skal setjast inn ei ny dør i eit gamalt hus. Då nytter det ikkje å blake i produktkatalogen til alle slag dørprodusentar. Langt frå standardvare. Det er her gutane på Hægeland kjem inn i bilete. Dei lagar akkurat kva både riksantikvaren og kunden vil ha.

Atle Torjesen ber bod om at dette er ei verksemd med tru på framtida. Rekrutteringa tykkjest vere i orden.

Knut og Dag Yngve diskuterer fargen på ei ny ytterdør.Kunden skal ha ei blå dør- og utvalet er uendeleg.

Alltid ei open dør på Hægeland Trevarefabrikk.

Stengt for kommentarer.