Sjølv om veret ikkje var det aller beste så var det øve hundre gjester som i løpet av helga fann fram til ”gLuggen kafé – 500m midt på heia” i Bortelid. Jentene i verksemda Friluftsliv Lebendrausen hadde denne helga ope den lisle kaféen som ligg inne i fjellheimen i Bortelid attmed skiløypa til Gluggevarden. Med kaker av ymse slag samt nysteikte vaffler frå jøtulomnen, vart dei to blide jentene Bea og Ulrika eit populært innslag i Bortelid.
I påska vert den populære kaféen igjen opna. Langfredag, påskeaftan og 1.påskedag er det igjen kake å få på gLuggen kafé. 1.påskedag vert det og litteraturkafé i fjellheimen, med lesing av fjellhistorie kring eit knitrande peisbål…








