x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

mars 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« feb   apr »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  
logo-gsi

Festkveld på Byremo

Det vart ein festkveld på Byremo. Grindheim ungdomslag framførte revyen «Gjengangere.»  Ekte og god revystemning med innlagt matøkt og tilhøyrande røykepause. Totalt 20 innslag stod på køyreplanen og det heile gjekk stort sett knirkefritt føre seg med mange store- og små høgdepunkt. Ein strålande revy med  jamn stigning i programmet. Fleire monologar heldt svært høgt nivå og låtten sat laust i benkjeradene i det flotte auditoriet på Byremo vidaregåande skule.

Revyen vart synt 5 gonger og det aller meste av billettane var solgt ut på førehand noko som betyr imponerande 500 vitjande!. Kulturen blømer i dei indre bygder og revygjengen i Grindheim ungdomslag er eit glitrande døme på dette. Smittande humør og ekte speleglede. Ordførar Tønnes Seland medrekna. Her kan du sjå film og bilete frå revyen på Byremo.

dsc_0024

Picture 1 of 36

Stengt for kommentarer.