11 gutar og jenter i sin beste alder, Oddvar Uleberg og Henry Rosseland medrekna, er no i ferd med å avslutte eit nybyrjarkurs i data. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Frivilligsentralen på Evje og bibliotektenesta i Setesdal. I alt 4 onsdagar he gjengen vore samla kring datamaskinane – og no er dei snart utlærde i den grunnleggjande bolken. Onsdag 10 mars er det endeleg slutt og då kjem representantar frå Evje & Hornnes Sparebank til skulestova for å lære kandidatane i bruk av nettbanken. Me føreslær at bankfolka då tek med seg ei kanne med kaffe og ei saftig blautekake. Nye kundar i nettbanken fortener då absolutt eit grann merksemd på eksamensdagen. ( Bileta er teken av Alf Pettersen )








