Skisportens dag 2010 vart skipa til under ein knallblå himmelkvelv. Sola skein frå skyfri himmel. Det vart varmt i solbakken og folk kosa seg med kaffe, pylse og nistepakke med leverpostei og brunost. Omlag 2,5 km frå Høgås skistadion, i retnig mot Himmelsyna, var meir enn 250 mennesk samla til sosialt samvær. Her var det tidtrøyte av ulik slag. Natursti, hopprenn og skiskyting. Mykje godtfolk var samla og det vart ei gild samlingsstund under leiing av løypeleggjar og skigeneral Geir Magne Feed.Sjølvsagt var dette dagen då ein skulle ha vore på toppen av den majestetiske Himmelsyna. Fotografiapparatet låg i sekken. Motet svikta og resten av lekamen stritta i mot. Det vart med ein tur inn til postkassa. Fantastiske løyper og mykje folk same kor ein snudde seg. Mange grov seg ned i djupsnøen og sleikja sol heile ettermiddagen. Andre gjekk den flotte løypa rundt Himmelsyna og avslutta økta med kaffe og nysteikte vafflar frå den mobile kiosken til fam. Jokelid. Ein dag på heia då ordet livskvalitet på mange måtar fekk ei ny betydning.

Arvid Lantz er stadig å sjå i høg fart i løypene inn mot Himmelsyna og Førevatn. Denne dagen bomma han stygt på skismøringa. Raud Swix var så avgjort ikkje rette medisinen på Skisportens dag.

Finn Bjørn Rørvik er leiar i Otra Idrottslag. Han kunne nøgd kostatere at mange av medlemmene var tilstades på Skisportens dag. Otra IL er ein vital 50 åring.
Under kan du sjå fleire bilete frå dagen!



































