Det vert garantert fullt hus og stormande jubel når Lindesnes Trekkspillklubb vitjar Ivelandshallen fredag den 19. mars.. Festen tek til kl 19:00 men her er det nok lurt å vere tidleg ute for å sikre seg ein god plass. Trekkspillklubben stiller med eit mannskap på meir enn 30 personar og det er venta publikum frå store delar av indre Agder
Det er den driftige gjengen i «Unge Eldre» som stend bak arrangementet. Dei lovar å servere god heimelaga kake og mykje sterk kaffe.








