Det er ikkje lenge sidan halve bygda stod på hovudet då vegstellet tok til å hogge ned den vidgjetne «Sparebank-furua» på Hornnes. Eit landemerke vart so altfor tidleg teken bort. Så var turen komen til furuskogen attmed Evje kyrkje. Eit skogholt der kvart einskild furutre var oppkalt etter dei sju Apostlane i bibelsoga. Heller ikkje dei fekk stå i fred. No er turen komen til den fine bjørke-alleen på Evjemoen. Mektige bjørketre fell til bakken. Sjølve inngongsportalen til Næringsparken vert no jamna med jorda. Ver vaken. Pass på tuntreet ditt. Snart kjem hogstlaget til eit skogholt ikkje langt frå di eiga stovedør.











Hver gang jeg svinger inn hovedporten til’
Evjemoen, så ser jeg skiltet med Løvlands Allè…
Jeg lurer på hva kommunen har tenkt å kalle
veistubben fra porten og inn til Majorstuen nå??
Det må kanskje kalles inn til ei ny plansmie for
å finne ut av det….
mvh
Dag Yngve Aasen
Bosatt på Bjørklund i Kyrkjebygda