Ungdomen på Moi skrur av fjernsynet i påskehøgtida. Det er ikkje naudsynt med riksdekkjande påskekrim. Denne gjengen med unge etterforskarar er i full sving med å oppklåre grov kriminalitet i sitt eige grannelag. Dei siste dagane he dei funne det mest turvande å kople inn lokale politistyresmakter. Gutane legg ikkje skjul på at dei no venter i spaning på at den uniformerte politibilen frå Evje skal svinge inn i tunet.Kvar kveld på Dagsrevyen vert me minna om dei grove innbrota som den seinare tida he råke små- og store urmakarforrrtninger i heile landet. Mykje tyder på at viktige spor etter desse brotsverka no skjuler seg i furuskogen på Moi. Gutane sit med viktige prov i fanget.

Ein fullpakka ryggsekk med ulikt innhald frå ei eller anna urmakarforretning kom for få dagar opp or snøen på Moi. Politiet er varsla. Dette er ekte, usminka påskekrim.

Her ser du noke av innhaldet i ryggsekken. Tome øskjer der det m.a. he ligge dyre klokker av merket Omega.
Dei unge etterforskarane frå Moi forventar sjølvsagt at politiet no skal oppklåre dette brotsverket. Dei sjølve føler at dei no he gjort grovarbeidet. Moisund.com kjem sjølvsagt attende med meir nyhende så snart det skjer noke i denne saka.





