Ferske tal frå NAV syner at talet på arbeidsledige i vårt distrikt syner ei positiv utvikling. I Evje & Hornnes kommune var det ved utgangen av april månad 68 personar heilt utan fast arbeid. Dette er 7 færre enn på same tid i fjor. I fylgje statistikken så utgjer dei arbeidsledige i Evje & Hornnes [...]
Menig soldat, Lasse Liestøl, frå Hannåsfeltet gjer for tida teneste i Sjøforsvaret. Det norske. Fredag denne veka fekk han i oppdrag å syne fram det beste av norsk natur for ein gjeng med høgtståande tyske offiserar. Turen gjekk til fjelltoppen Prekestolen inne i den vidgjetne Lysefjorden. Tyskarane vart mållause og Lasse hadde ein [...]
Eit samrøystes heradstyre vedtok, fredag den 7.mai, å plassere Tom Roger Øydne som fast medlem i det kommunale Kontrollutvalet. Øydne, som er ein røynd og dugande forretningsmann, fær no innsyn i dei fleste kommunale saksdokument og skal samstundes halde kontroll med kva dei folkevalde gjer- og ikkje gjer. Leiar av dette særs så viktige utvalet [...]
Dette biletet vart teken ved Bjørnevatn i Valle no på tysdag. Som du ser er det framleis mykje snø i fjellet. Vårflaumen let vente på seg. Denne dagen, i middagsbelet, synte gradestokken 2 grader på parkeringsplassen ved Bjørnevasshytta. (foto: moisund.com )