Torsdag kveld var det årsavslutning i Iveland Malerklubb. Kvar torsdag i skuleåret he 9 jenter, i alderen 9-40 år, vore samla for å dyrke sin store hobby, kunstmåling. Dei he rigga seg til med atelier vegg i vegg med kommunehuset på Birketveit. Bordet var dekka med frisk frukt, jordber og sprudlevatn i høge glas. Publikum gjekk rundt i utstillinga og vart mektig imponert øve kva dei såg. Dei unge kunstnarane heldt seg diskret , og lett nervøse, i bakgrunnen. Det var på mange måtar ei høgtidsstemning i det gamle banklokalet. Lærarane, Anne Synnøve Grosås og Anne Betzy Engestøl, som båe er røynde kunstnarar, kunne med rette vere stolte av elevane sine. Kulturen blømer hjå dei unge i Iveland. Dei er samstundes klåre øve at dei he ein viktig kulturarv å bere vidare til komande generasjonar. (Foto: moisund.com )

Anne Betzy Engestøl (t.v.) og Anne Synnøve Grosås. To flinke og flotte lærarar i den kommunale kulturskulen.

Måleri av Kristina Fiveland. Ein framifrå kunstnar som m.a. vann 10 000 kr i samband med fylkesfinalen i Ungdomens kulturmønstring 2010.















