Formannskapet i Evje og Hornnes vedtok tysdag å vere med på ei finansiering for å sikre nattbussen frå Kristansand natt til sundag. Dette er ei rute som Setesdal Bilruter L/L tidlegare måtte legge ned av økonomiske årsaker. Eit samrøysta formannskap ynskja å vere med på eit spleiselag for å oppretthalde tilbodet. No er det opp til Vennesla kommune samt leiinga i begge Agderfylka om dette skal bli eit fast tilbod og i framtida. Leiinga i bilruta he stadfesta at dei uansett tek opp at ruta med avreise frå Kristiansand frå den 11.juli kl 02:30. Dei vil så halde fram med dette i sumar inntil dei andre aktørane i «spleiselaget» he fenge tid til å områ seg. Kr 20 000,- er summen som formannskapet i Evje og Hornes he putta inn i nattbussen.





