x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juni 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« mai   jul »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Ose Turistheim, eit av våre ”Historiske Hotell”.

LESARINNLEGG! Dersom ein søkjer på Ose på nettstaden Wikipeda får ein fylgande om Ose Turistheim: Ose Turistheim ble bygd i 1909 og er Setesdals eldste turiststasjon som fremdeles er i drift.”  På nettsidene til Life reiser under tittelen ”Trehoteller i Norge, ved tre av dem” er Ose Turistheim i selskap med kjende hotell som Hotel Mundal og Hotel Union Øye. Etter vårt syn er det vanskeleg å skjøne at i sakspapira til morgondagens kommunestyre er Ose Turistheim kun omtala som ein ”næringseigedom” i saksframlegget blir grenselinjene mellom kommune og driverar m.o.t. fordeling av vedlikehaldsutgifter problematiserer . Kvar er vurderingane om kommunalt ansvar for å take vare på Ose turistheim som ein kulturhistorisk bygning, jamfør kommunens eigne planar, ei vurdering om kva betydning Ose turistheim har i synergi med Ose Ullvare og Storstoga. Kor er vurderinga om verdien av møteplassen Ose Turistheim, jamfør forprosjektet ”Bygland best å bu i”?

Eg sit og ser på fotball-vm frå Sørafrika og kjem på eit begrep frå idrettsverdenen: ”Du endrar ikkje eit vinnarlag!”. For oss er kommunen som ansvarleg eigar og Signe og Julia som fantastiske driverar eit ”vinnarlag” som ikkje bør endrast. Kommunen som eigar er ein garantist for at gamle tradisjonar kan vidareførast også når kommunen skal take imot neste fylkesmann for eit samanslått Agder, eller at Victor Norman på ny vitjar Setesdal og har som einaste krav ein tur med ”Bjoren” og overnatting på Ose Turistheim og får servert fantastisk tradisjonsmat av Signe og Julia.

Me skjønar heller ikkje heilt samanhengen med ynskje om salg når kommunen i høyringa til ”Strategisk plan til kulturformidling i Aust-Agder” spesielt framhevar Ose Turistheim som ein viktig del av den gamle ferdselshistorien i Bygland med Setesdalsbanen, Byglandsfjord, ”Bjoren” og Ose Turistheim.

Så til økonomi som eg skjønar er motivet for dei som vil selje. Kva er god økonomi? Kvar er det stor reknestykket som viser at å selje Ose Turistheim er god økonomi? Kor er grunngjevinga for at ein kan trekke ut Ose Turistheim frå samanhengen og kun sjå på den isolert?  Me er ikkje i ein posisjon der me kan kreve ein slik dokumentasjon, men me vonar at kommunestyret får svar på desse enkle men grunnleggande spørsmål.

Til slutt må me  få lov til å kome med ein hyllest til vertskapet på Ose Turistheim, for maten dei serverer, for atmosfæren dei evnar å skape, For Johnny sitt initiativ med ”Blueslaurdag på Ose” som feirar 5 års-jubileum i år, med Signe, som tok tak i ”Ose Countryfestival” når den stod utan drivarar, Lokalsamfunnet står i stor takk, deira drift er ikkje minst eit viktig bidrag til at nærbutikken på Ose har positive tall i bøkene. Bygland kommune må også verdsette måten vertskapet har sett Ose og Bygland på ”kartet” og vidareføre samarbeidet.

For den eldste av oss var det ikkje noko alternativ til villaks på Ose Turistheim når åremål skulle feirast i haust.

Dreng og Gunnar D. Ose

(Arkivfoto)

Legg igjen ein kommentar (useriøse kommentarer og kommetarer utan namn, vil bli sletta)

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>