I samband med at Minne Åseral Kultursenter opnar fyrstkomande laurdag er det for tida hektisk aktivitet i området. Onsdag vart ein stein på 19 tonn lyfta på plass i eplehagen. Dette vil i framtida vere scena for ulike arrangement i eplehagen på Minne. Steinen kjem opphavleg frå Ljosland. Elles kan dykk her sjå litt av korleis den nye kulturstova i Åseral vert sjåande ut. Det er venta stor trafikk på vegen til åseral i samband med opninga til laurdag.










