Den vel omtykte einingsleiaren i Evje og Hornnes kommune, Bernt Audun Strømsli, he sagt opp jobben sin. Nye utfordringar stend for tur for den humørfylde leiaren innan forvaltningseininga. Guten skal byrja i ny jobb hjå Statens Kartverk i Kristiansand frå oktober. Det er ikkje meir enn ein månad sidan at Kari Røynlid sa opp jobben sin i den same eininga for å byrja som husvert på Minne Kultursenter i heimbygda si. Begge to vert særs vanskeleg å erstatte. Om det er saknet etter Kari som er årsaka til at Bernt og no vil rydde kontorpulten skal vere usagt. Ein ting er sikkert, Evje og Hornnes kommune missar to særs dyktige medarbeidarar på same tid. Redaksjonen vil samstundes nytte høvet til å ynskje begge to lukke til på vegen vidare.

Kari og Bernt vil begge to nytte sumarferien til å rydde kontorpulten sin i kommunen. (Foto: Evje & Hornnes kommune)







Dette var ikke bra. Nå mister vi to av de aller beste.
Nei nei nei.. Krysser fingrene for at det er noen igjen på kommunehuset når ferien er over..