«Åpne dører – åpne sinn» var mottoet då Norske Vandrehjem fredag opna dørene til alle sine 82 verksemder øve heile landet. Det er 80 år sidan den fyrste vandreheimen vart opna i Noreg. Nærare bestemt i Trondheim. På Syrtveit , den einaste vandreheimen på hovudvegen mellom Danmark og Hovden, vart dette feira med åremålsdag. Opent hus med kaffe, kaker, jordber og sprudlevatn i høge glas. Moisund.com var sjølvsagt tilstades. Det same var resepsjonssjef Yvonne Zakariassen.Det er kanskje dei færraste, spesiellt av bygdefolk, som eigentleg veit om at det finnast ein vandreheim i lokala hjå Troll Aktiv på Syrtveit. Her er det god trafikk heile sumarhalvåret av folk som ynskjer øvenatting i rolege og avslappande omgjevnader. Lyse triveleg lokaler, 24 sengeplasser, eit innbydande frukostbord – og ikkje minst eit vertskap som strålar av gjestfridom, entusiasme og ekte livsglede. På Evje Vandrehjem fær du lækjedom for både lekam og sjel. Ingen støyande musikkmaskinar eller velfyllde øltønner. Eit alkoholfritt alternativ for folk som ynskjer fred og ro, og som t.d. finn gleda i livet med kaffekoppen og fiskestonga attmed Syrtveitsfossen. Stadig fleire ynskjer eit slikt alternativ. Derfor er det ein høgst oppegåande jubilant som denne helga kan feire sin 80. åremålsdag

Lyse triveleg rom på vandreheimen. Yvonne syner oss rundt på ei verksemd der alt er nytt og moderne. Reint, fint- og ikkje minst innbydande.
Norske Vandrehjem har en visjon:
» Vandrehjemmene skal skape opplevelser og kontakt mellom mennesker, og forståelse for egen og andres kultur og miljø. Våre grunnverdier er: Internasjonalt, trygghet, respekt, opplevelser og engasjement.»









































