Dei rakk så vidt å starte billettsalet før alt var utseld. Lindesnes Trekkspillklubb skulle endeleg få oppfylld den store draumen, å få spele i operaen. Den norske. Denne helga var det storfest i Oslo. Trekkspillklubben sette preg på heile hovudstaden og alle eg tala med meinte dette var det beste som hadde skjedd operaen, og [...]
Denne helga vart det skipa til marknadsdagar i Mineralparken på Hornnes. På laurdag, då me vitja parken, var det eit strålande sumarver. Varmt og vindstille. Åna låg som ein spegel. Ikkje eit vindpust å oppdrive. Marknadsfolka tok plass under kvite teltdukar. Vareutvalet var omfattande og spanande. Alt frå gamle radioar, telefonar og tobakksøskjer- til treskjering, [...]