Dei rakk så vidt å starte billettsalet før alt var utseld. Lindesnes Trekkspillklubb skulle endeleg få oppfylld den store draumen, å få spele i operaen. Den norske. Denne helga var det storfest i Oslo. Trekkspillklubben sette preg på heile hovudstaden og alle eg tala med meinte dette var det beste som hadde skjedd operaen, og kan hende heile hovudstaden, på svært lang tid. Me var tilstades då den øvrige pressa hadde reist heim. Me traff ein feststemt gjeng få minutt før matøkta tok til på Oslo Plaza. Å du verden for ein gjeng!
Aldri tidlegare he eg møtt så mykje kjentfolk i hovudstaden . Grannar frå Moisund, og elles mykje godtfolk frå dalstroka innanfor, hadde teke turen inn til tigerstaden. Eit yrande folkeliv og Den Norske Opera vert aldri den same etter denne framsyninga…

Her er den livlege gjengen frå trekkspillklubben samla få minutt før dei tek sete kring middagsbordet på Oslo Plaza. Etter matøkta spelte dei opp til dans i storsalen.

Arthur Stulien hadde teke med seg eldstesonen på luftetur til hovudstaden. Guten fekk ei stor oppleving saman med far sin i operahuset og sjølvsagt på den tilhøyrande banketten.

Rosa og Roald Skibsrud fortalde Torgny Monan kor nøgd dei var med kvelden. Torgny sette stor pris på attendemeldinga.

Skal ein på operaen er det viktig med rett hatt på rett hovud. Desse to flotte damene hadde pynta seg slik det sømer seg i operaen.






