Denne helga vart det skipa til marknadsdagar i Mineralparken på Hornnes. På laurdag, då me vitja parken, var det eit strålande sumarver. Varmt og vindstille. Åna låg som ein spegel. Ikkje eit vindpust å oppdrive. Marknadsfolka tok plass under kvite teltdukar. Vareutvalet var omfattande og spanande. Alt frå gamle radioar, telefonar og tobakksøskjer- til treskjering, krystall, husflid, måleri og grillpylse med tilhøyrande ketchup og sennep. Eit jamt sig av folk. Tilreisande for det meste. Bygdefolk var det svært langt i mellom. Klokka 12:00 var det opning av den nye klatreskogen. Eit tøft aktivitetstilbod for både born og vaksne. Sundag er det opning av Eventyrbekken. Setesdal Mineralpark, og landskapet rundt, synte seg frå si aller beste side. Sjå filmen- og bileta og bli med inn i vårt lokale skattkammer.






Var godt ikkje moisund.com fekk med seg Tarzan i løypa