Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

juli 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
logo-gsi

Skrotnissen opnar dynna!

På folkemunne vert han kalla for «skrotnissen på Øyulvstad». Birger Øyulvstad he heile sitt vaksne liv hatt ei ihuga interesse for antikvitetar. I Birger sine auge så er det ikkje skrot, men kunstskattar det er tale om. Gjennom mange år med samling byrjar det å verte fullt heime på garden. Guten he difor bestemt at no vil han opne for sal. Heile fjoset er omgjort til eit museum. Det meste ein kan tenkje seg av «antikvitetar og snurrepipperiar» vil ein kunne finne her. Laurdag 17. juli og sundag 18. juli vil skåledynna stå ope for alle som ynskjer å gjere ein handel eller berre sjå på utstillinga. Vil du kjøpe noko så kan Birger love ein god handel og om ikkje anna vil han servere deg kaffe. Om tida rekk til vil han og bake kake som du kan bite i. Me he vore på synfaring og ein ting kan me seie, her er det mykje gamal historie og mykje spanande.

Det gamle fjoset er reingjort og klart for opninga denne helga.

Her finn ein det meste...

Radio og den fyrste komfyren som kom til bygda...

Gamle originale oljelamper...

Du finn det meste i fjoset til Birger...

Vaskepulver i dobbelpakning... to for ein...

Vil du sjå meir av dette er det berre å ta turen til Birger fyrstkomande helg. Du tek berre av vegen mot Kvåle rette ved Kylland i Åseral. Birger sit garantert å venter på deg med kaffe og ei god historie.

NB! På Øyulvstad nyttar det ikkje å kome med kort. Her er det berre setlar og mynt som gjeld!

Legg igjen ein kommentar

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>