Asbjørn Haugen er i startgropa. Om få dagar tek han i mot topp, internasjonale bowlingspelarar frå m.a. Noreg, Sverige og Egypt. Omlag 100 i talet. Dei skal kjempe om ein premiepott på nær 200 000 kroner. Fyrstepremien er på heile 30 000 kroner. Evje Open International vert skipa til i tidsromet frå 29.juli- og fram til finalespel den 8. august. Heile tevlinga gjeng føre seg i bowlinghallen på Verksmoen på Evje. I arrangementskomiteen finn me far Asbjørn – og sonen Jahn Kåre. I tillegg fær desse gutane god hjelp frå resten av dei næraste pårørande. Deltakarane skal øvenatte på Odden Camping, Evje Park og på Revsnes Hotell. Tevlinga gjeng føre seg frå kl 09:00 om morgonen til kl 02:00 på nåtta- kvar einaste dag. Asbjørn Haugen vonar på god publikumstilstrøyming og sjølvsagt ei spanande og vellukka tevling. Moisund.com vil sjølvsagt bringe dykk jamnlege rapportar frå den største bowlingturneringa i heile landet. (foto: moisund.com )





