Otra IL skal snart feire 50 års jubileum med ein storslagen folkefest i Otrahallen. I samband med markeringa er det laga ein del jubileumsflagg som er plassert ut på sentrale stader i bygda. Mellom anna ved idrottshallen på Hornnes – og ved sparebanken i Evje sentrum. Einkvan he i løpet av siste døgeret stole det eine flagget, og no ber idrottslaget om at dette må leverast attende. Kven i alle dagar he brukt for slikt ? Eit simpelt tjuveri av noke som ingen på denne jord kan ha noke som helst nytte av. Me ber dei som he kjennskap til denne kriminalgåta om å levere flagget attende så snart som råd. ( Det er Otra IL som melder dette på si heimeside i føremiddag.)





