Denne sumaren skal redaksjonen vere tilstades på mange ulike festivaler. Det vart ikkje noko padling i åna denne sumaren så me drog til Tyskland for å sjå korleis ein båtfestval skal arrangerast. Rundt 30 000 menneskj var i feststemning i den lille tyske småbyen Friedrichstadt i nordvestlege delen av landet. Ein by på storleik med Evje. Her var det musikk, padling, fyrverkeri, allsong, bratwurst og øltelt til langt på morgonen. Alle var nøgde og alle var med på festen…Ein heil by i feststemning!

Den lokale linsmannen, Hans (til venstre) hadde teke med seg linsmanndrengen ut på lufting. Ei stille natt utan bråk for dei to som var åleine på vakt for 30 000 menneskj. Friviljug utan ei krone i løn. Alt for lokalsamfunnet.






