x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
logo-gsi

Storfest!!

Det var reine 17.mai stemninga då Kronprinsparet i dag vitja Evje og Hornnes kommune. Nystrokne flak og mykje folk i feststemning. Her kan du sjå film, bilete og høyre song frå den store hendinga…

Sjå fleire bilete på Flickr>>

Lokalprodusert mat til Kronprinsparet

Smør frå Hodne Gård, tomat og agurk frå Bjorå, lefse frå Karen Marie Wikstøl, ost frå Iveland Gårdsysteri og fisk frå Setesdalsmat. Dette er berre noko av det som stend på matsetelen i Minaralparken når Kronprinsparet i dag er på vitjing. Evjeguten Kim Andre Flaten er arkitekt bak menyen som i dag vert servert. Lokal [...]

Evje og Hornnes bygdekor

Velkommen til korkveldene våre høsten 2010. Håper alle har hatt en fin sommer og er klare for mye sang! Allsangkvelder, samarbeid med kulturskulen, Setesdal syng ABBA,  jul- og vårkonserter er noe av det vi vil få til, og andre gode forslag taes mot med takk! Vi ønsker nye og gamle korfolk hjertelig velkommen! Ta [...]

Moisund-avisa i 4308 eksemplar

Det er travle dagar hjå Setesdalstrykk på Evje når ei ny utgåve av Moisund-avisa skal klargjerast. Eit opplag, før ei mogleg utviding av nedslagsfeltet, på 4308 eksemplar på glansa papir. Helge Stokkeland (bilete ) driv, og eig, verksemda i hop med Knut på Bø. Saman med dugande medarbeidarar produserer dei det aller meste av trykksaker. [...]

Kven er desse gutane?

Kan du på ein eller annan måte hjelpe oss med namn på desse spreke gutane som var ute og gjekk på ski den 16. januar i 1930. Bilete er teken av den vidgjetne fotografen Johan Fennefoss. ( Utlånt av Alf G. Kjetså ) Bruk kommentarfeltet dersom du he forslag til namn på ein- eller [...]

Permalink

Kjell Moi var ein framifrå skihoppar

Den store idrottsgallaen i Otrahallen er no historie. Mange fekk blanke medaljer og heiderleg omtale i blitzregnet på scena. Det var ikkje plass til alle. Dersom ein blar eit grann i gamle aviser så syner det seg raskt at det og skjuler seg mange idrottsheltar blandt gutane og jentene som du t.d. møter på ein heilt [...]

Ein skuffande start...

Redaksjonen kom i dag til Amsterdam. Me hadde høyrt at dette var staden for joleljos og drog difor ut på jolehandel. Her he dei eit eige distrikt som vart kalla «Red light distrikt» som vistnok skal vere opplyst som jolaftan, heile året. Ikkje ei einaste ljospære var til sals! Der stod det lettkledde kjerringer på rekkje og rad i stoveglasa, men [...]

Køyrelærar med særs gode resultat

Når elevane skal take den endelege, og avgjerande, praktiske prøva for å få motorsykkellappen må dette skje Kristiansand. Kjell Reidar Sømme er stolt av resultatet sitt. I fjor hadde han ein strykprosent for elevane sine på berre 7 %. Dette var best av samtlege køyreskular som førte elevane sine fram til eksamen hjå Biltilsynet i [...]

Gjestelista for kongeleg etegilde

Mange brikker skal leggjast i det store puslespelet som det er når kongelege gjestar vitjar bygda. Ordføraren må lufte bunaden, pusse sylja og skrive tale. Terje Stifoss må vaske politibilen, drille mannskapa sine og sjølv må han finne fram dei kvite hanskane og gallauniformen. Alf Morten Tallaksen stiller truleg til etegilde i lysande uniform, tilhøyrande [...]

Kva er historia bak dette biletet

Dette bilete syner eit bygg som, i farne tider, vart oppført på Evjemoen- og som seinare vart øydelagt av brann. Veit du noke om dette- og kor på Evjemoen bygget stod. Me er takksame for all informasjon, og du bruker kommentarfeltet dersom du he ei meining om dette. ( Bilete utlånt av Oddmund Strømstad)

[...]

Fottur til Fennefossmasta

Lørdag 28. august arrangerer folkehelsegruppa i kommunen fottur til Fennefossfjellet. Oppmøte er ved Hornnes barneskole kl. 1100. Det er håp om stor deltakelse og det blir garantert gøy. ( foto: Otra IL )

Side 1 av 912345...Siste »