Denne veka er 90 ungdomar i aldersgruppa 8-12 år samla til idrottskule på Evje. Bak arrangementet stend den vitale, og fullt oppgåande, 50 åringen Otra IL. Omlag 30 leiarar og instruktørar er i sving kvar einaste dag. Ja sjølv vidgjetne landslagstrenarar i friidrott, brødrene Tveitå, er hyra inn som fagleg ekspertise. Det er eit svært så omfattande program, og eit mangfoldig tilbod, som vert servert ungdomsgjengen som kjem frå heile Agder- og frå Rogaland. (foto: moisund.com )Dagleg leiar i Otra IL, Tony Halsall, reklamerer utan atterhald for at dette er den rimelegaste og mest allsidige idrottskulen i heile landet. Deltakarane trivast, det skjønte me raskt etter å vitja dei då dei tysdag føremiddag var samla til leik og moro på fotballbanen på Evje. Jon Gunnar Kjetså, ein av leiarane, hadde full kontroll på gjengen. Nærast militær disiplin, men på ein måte som fekk smilet og låtten fram hjå dei aller fleste. Med ein velfungerande ropert dirigerte han troppane på ein imponerande måte. Ungdomsarbeid er eit eige fagområde, og einskilde tykkjest vere skapt for nettopp dette. Unge Kjetså er ein meister i så måte.

To sentrale personar under idrottskulen. Tony Halsall (t.v. ) og Jon Gunnar Kjetså (foto: moisund.com )

Deltakarane kan vele mellom disiplinar som m.a. fotball, volleyball, bowling, sykling, friidrott, fyrstehjelp, bogeskyting, rafting, kommandoløp og ein tur i Klatreskogen på Hornnes. (foto. moisund.com )

Røynde instruktørar med eit vakent blikk på kva som skjer til ei kvar tid. Yuusuf Sharif er til dagleg fotballspelar på Start. (foto: moisund.com )

Mange detaljar som må øvast på før ein fær plass på A-laget. Ikkje alt er like enkelt... (foto: moisund.com )










Fantastisk flott tiltak! All honnør til dei involverte.