x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
logo-gsi

Trygve he full kontroll

Det er venta 6000 mennesk i alle aldre til Evjemoen denne helga. Landbrukets Dag, eller Naturligvis som det no heiter, vert skipa til på grasvollen i den tidlegare militærleiren. Eit mangfold av landbruksmaskinar, dyr, handverk, mat, kunst og kultur. Eit omfattande dugnadsarbeid vert lagt ned i forkant av ei slik stormønstring. Trygve Jokelid (bilete ) er ein nøkelperson for heile arrangementet. Trygve er arenasjef. Onsdag føremiddag finn me guten i full sving mellom fotballbanen og den gamle stallen.

Det er mange detaljar som skal på plass før arenasjefen kan ynskje publikum og utstillarar hjarteleg velkomne til Landbrukets Dag på fredag. Her er ein ekstern transportør i sving med å levere eit lass med teltstenger til det store messeteltet. Trygve veit nøyaktig kor han vil ha leveransen plassert. ( foto: moisund.com )

Telefonen kimar utan opphald. Alle skal ha tak i arenasjefen. Utstillarane er blandt dei som he mange spursmål i samband med utstillinga. Trygve Jokelid he svar på absolutt alt. Kald og roleg slik berre ein ekte heiebonde kan vere. Han ber oss rette ein inderleg takk til gutane på Evje Fengsel. Ei uvurderleg hjelp. Flotte karar som gjer sitt til at arbeidet på stemneplassen i år gjeng lettare enn nokon gong tidlegare. (foto: moisund.com )

Legg igjen ein kommentar (useriøse kommentarer og kommetarer utan namn, vil bli sletta)

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>