Trønderen Bernt Audun Strømsli er Teknisk Sjef i Evje og Hornnes kommune. Ein arbeidsplass han trivast på, og kor det kollegiale samhaldet betyr mykje i kvardagem «Dei tilsette på kommunehuset her er nærast for ein stor familie å rekne» seier den unge ingeniøren og vert eit grann tankefull. Ein stillfaren kar som he funne sin naturlege plass i lokalsamfunnet men som no sluttar i kommunen. Bernt er ærleg, både med seg sjølve- og med andre når han seier at det øve tid er slitsom å aldri kunne vere privatmannen Bernt Audun Strømsli. Det er ubehageleg, ja beint fram uåneleg, å verte konfrontert og i verste fall utskjeld, på butikken, på puben- eller i idrottshallen med bakgrunn i mi proffesjonelle vurdering i ei eller anna byggjesak eller delingssak i kommunen. Slik vert det nok ofte i små bygdesamfunn der «alle kjenner alle.»

Bernt Audun strømsli framføre det som no på fleire måtar vert det det nye sakskartet i kvardagen (foto: moisund.com )
Når Bernt Audun Strømsli no tek til i Statens Kartverk fær han nytt visittkort med ny tittel. Senioringeniør høyrast unekteleg svært så eksklusivt ut. Om senior skuldast lang røynsle som ingeniør i komunal sektor- eller det skuldast høgt hårfeste og manglande pannelugg, ja det finn me ikkje ut av. Strømsli he tru på god vekst i Evje & Hornnes i åra som kjem. Den viktigaste utfordringa meiner han likevel er at kommunen må bevisstgjere seg rolla som eit regiosenter. Evje & Hornnes skal vere eit regionsenter, ikkje berre for seg sjølve, men for kringliggjande kommunar. Desse ser ikkje i dag på vår kommune som eit felles regionsenter, kanskje meir som ein konkurrent i ymse samanhenger. Det forpliktar å vere ein vertskommune. Det forpliktar å vere eit regionsenter. Den pågåande debatten kring omstrukturering, og samlokalisering, i Agder Politidistrikt syner at det er langt fram i denne prosessen. Her kjempar kvar bygd, og kva kommune, berre for eiga vinning. Slik skal ikkje eit regiosenter byggjast opp. Slik skal ikkje eit vertskap oppføre seg. I alle samanhenger er det viktig at gjestane trivast- og føler seg velkomne….

Det vert tomt i korridoren, i 2. høgda på kommunehuset, når Bernt reiser til byen. Jentene gret ein skvett kvar einaste dag. Det er kamp om å få sitje på det mjuke fanget- og dei utsett avskilsfesten så lenge som råd.Dei trur knapt kva dei høyrer. F.v. Dragana Zekic. Bente Lantz og Lillian Andersen. (foto: moisund.com )





