x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
logo-gsi

Nostalgi, gromlyd og køyreglede

Det er 6. åtret på rad det vert skipa til «Lucas Rally» i Hannåsleiren på Moisund. Her møtast motorsykkelentusiastar frå Noreg, Sveits, Danmark, Dåsnes og England.Gjennomsnittsalderen er 52 år, og dei he alle ein felles kjærleik til engelske motorsyklar. Me talar m.a. om  Norton, BSA, Triumph og Ariel. Det er venta kring 100 motorsyklar til Hannåsleiren denne helga. Det sosiale samværet på stemneplassen stend i høgsetet, men det vert og høve til felles køyreturar. Laurdag skal dei mellom anna ein tur til Evjemoen og syne fram syklane sine på Landbrukets Dag. Fredagskvelden vert det skipa til fest i den gamle offisersmessa på Hannåsfeltet. (Alle foto: moisund.com )

Plakaten i hovudporten etterlet ingen tvil...

Frank Omnes, opphaveleg frå Grendi, trivast på Lucas Rally. Han seier at deltakarane kjem attende år etter år- og at dei skryt voldsomt av stemneplassen og messeområdet.

Berta (80 ) og Gunvald (83 ) Byberg he teke turen heilt frå Stavanger på sin BSA M33 - 1952 modell. Den spreke eksosrypa kunne fortele om mykje regn på turen opp Sirdalen, men då me kom til Moisund så skein sola...

Mange ligg i telt på stemneplassen men det er og høve til å leige seg ei oppreidd seng i den gamle militærforlegninga. Tilboda er mangfoldige i Hannåsleiren.

Legg igjen ein kommentar (useriøse kommentarer og kommetarer utan namn, vil bli sletta)

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>