Tekst og foto: Siri Moi – Her om dagen då eg kom heim frå ei hektisk kveldsvakt, låg det eit koseleg kort frå Bodil og venta på meg på stovebordet. Og i dag fekk eg ei pakke med kanonfine heimelaga gåver frå Olaug! Ikkje har eg åremålsdag, ikkje er det jol, og ikkje har eg gjort noke for å fortene desse herlege gåvene. Eg er rett og slett berre så heldig at eg kjenner slike fantastiske kvardagsenglar som sprer rundt seg med glede. Heldige meg..!!





