x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
logo-gsi

Med Otra IL inn i dei neste 50 åra..

Jubileumsfesten i Otra IL er historie. Meir enn 800 mennesk, i alle aldre, fyllde Otrahallen til siste benkjerad. 3 års førebuing og meir enn 150 personar, dei fleste ungdomar frå bygda, deltok i planleggjing og gjennomføring av festen. I rampeljoset, på scena, vart det delt ut blomar, diplomar og medaljar av edlaste valør. Fullt fortent alle i hop. Kanskje det viktigaste av alt, og den beste gåva til bygda- og til idrottslaget, er å sjå den flotte ungdomsgjengen som nå stend klåre til å take vidare det arbeidet som gårsdagens æresmedlemmer og medaljevinnarar he lagt ned gjennom eit langt liv. Det er uråd å nemne alle med namn, men me vel å la Jon Gunnar Kjetså (bilete) representere heile ungdomsgjengen som tok del i dette store dugnadsprosjektet. Full innsats frå fyrste stavtak. Ei positiv haldning, inkluderande, stå-på vilje av sjeldne dimensjonar, ansvarsfull og påliteleg i alle ledd. Gav seg ikkje før alle var i mål- og stemneplassen var rydda for sundtrødde pylsebrød, glansa papir og tome kaffekrus. Idrottsungdom og lokal ungdom i elitedivisjonen. Otra IL kan sjå lyst på dei neste 50 åra. (foto: moisund.com )

Legg igjen ein kommentar (useriøse kommentarer og kommetarer utan namn, vil bli sletta)

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>