2002 – 2014

Lindåna Kraft as

Dei fyrste planane for ei utbyggjing av vassvegen, mellom Skranevatn – og dalbotnen vest for Hodne i Evje & Hornnes kommune, vart lagt fram i 1921 . Det var den vidgjetne honndølen, og ingeniøren, Åsulv Tønnesland som alt i 1917 tok til med planleggjing og prosjektering av eit kraftverk i Lindåna. Oppdragsgjevar den gong var Thomas Hodne, oldefar til ein av dei noverande grunneigarane, Søren G. Hodne. Prislappen på prosjektet, den gong, var svimlande 150 000 kroner. I dag er kalkyla multiplisert med 100 – og den same prislappen lyder på 15 mill. kroner.På bilete ser du dei to nye kraftbaronane på Hodne. Terje Abusland (t.v.) og Søren G. Hodne.  (foto: moisund.com )Etter 10 års omfattande planleggjing kan Søren og Terje nå stadfeste at anleggsarbeidet i samband med det nye kraftverket i Lindåna he teke til. Repstad Anlegg er hovudentrepenør og er i desse dagar i full sving med å byggje ny veg inn til tomta kor den nye, og omlag 100 kvm store, kraftstsjonen skal liggje. Både Hodne og Abusland trekkjer fram den positive haldninga det he vore hjå offentlege styresmakter gjennom heile planleggjingsfasa. Ja sjølvaste fylkesmannen he vore både tagal og nøgd. Spesiellt vil dei trekkje fram det gode  samarbeidet med teknisk sjef i Evje & Hornnes kommune, Bernt Audun Strømsli. Ein pådrivar og ein likandes kar som dei sjølv seier det.

Planskissa frå 1921 er sjølve grunnlagsmaterialet for kraftutbyggjinga i Lindåna. Eit prov på at ingeniør Åsulv Tønnesland var ein dugande og framsynt mann.

Søren G. Hodne og Terje Abusland eig, i hop, 49% av lutane i Lindåna Kraft as. Dei øvrige 51 % tilhøyrer eit lutlag i Kristiansand med det velklingjande namnet Bekk og Strøm as. Når kraftverket er ferdig vil det kunne produsere omlag 4,4 Gwh med strøym. Dette tilsvarar forbruket til rundt rekna 220 husstander, og gjev samstundes bod om at Moisund i framtida kan verte sjølvforsynte med elekrtisk strøym. Kortreist strøym.

Røyrgata mellom kraftstasjonen, ved botnen av Eikåsen, og opp til Skranevatn vert 1125 meter lang og skal sprengjast ned i fjell. Røyra he ein omkrins på 90 cm og vert dekka til med fin toppmasse slik at dette vert ein høveleg traktorveg og flott tursti når anleggsperioden er ferdig.

Planen er at den fyrste prøveproduksjonen skal take til i januar 2011. Dersom du passerer dei to gardsbruka på Hodne, Braatet og Nesjordet, ein myrk og kald vinterkveld i 2011, og det er ljos i absolutt alle vindauga- ja då kan du vere heilt viss på at det er full fart på turbinane ved foten av Eikåsen. Med økologisk og miljøvenleg drivstoff frå Lindåna.

Dei fyrste strøymkablane er alt kome på plass. Snart er Moisund sjølvforsynt med elektrisk strøym - og ei planleggjingsfase på mest 100 år gjeng mot slutten

4 comments to Lindåna Kraft as

  • Peter Dragsbæk

    Ønsker tillykke med projektet.
    Husker tydeligt hvordan Søren allerede under elgjagten i 1995, drømte om at kunne sidde mageligt og lytte til målerens summen, mens pengene rullede ind på kontoen.

  • Dette blir bra for oss som har hytte i området. Bilvei helt inn som blir brøytet hele året. Vi håper det går økonomisk bra for Lindåna Kraft AS, samt grunneierne Søren G. Hodne og Terje Abusland.

  • Thor

    Kan også kalle dei for Vassgutane

  • Kai Thorsen

    Eg vil kalle desse gutane for kraftkarar;)))

Leave a Reply