Krik- Evje & Hornnes inviterer til tevling i fotball og sandvolleyball fyrstkomande laurdag kl 13:00 på Evje Stadion. På kvart fotballag skal det vere 7 spelarar medan det på volleyballaga skal vere 2 personar. Då er det berre å hive seg rundt og få organisert så mange lag som råd ,og syte for at dette vert ein skikkeleg idrottsfest i sandhaugen på Evje. Påmelding gjer dykk ved å sende ei tekstmelding til tlf 95 92 22 80.





