Det geografiske området for mosiund avisa he heilt sidan starten for eit drygt år sidan, utvida seg. Engesland og mindre grendelag i vest he etter kvart fenge avisa i postkassa si. No er det grannar lenger sør som meiner seg diskriminert sidan dei ikkje fær bladet kvar månad. Ein kar som er busett i Finsland er ikkje nøgd med prioriteringa til leiinga i avisa. Gjennom eit ope brev til redaktøren grunngjev han for sitt syn.
Vyrde bladstyrar!
Eg er djupt såra og vonbroten av di eg ikkje får papiravisa til «moisundavis.com». Eg skjønar ikkje kvifor Finsland ikkje vert rekna som «Dalstroka innafor», slik at me og kunne få papirutgåva i posten slik dei gjer i t.d. Hægeland og Bjelland.Eg tok dette opp i februar i år, og har venta kvar dag på å få dykkar store åndsverk i postkassa. Men framleis har ingen ting skjedd, og eg og alle dei andre finslendingane opplev same vonbrot kvar dag – ingen Moisund avis!!
Eg meiner at Finsland fyller alle krav til å vere «Dalstroka innafor». Me har m.a.spredd busetnad, ligg langt fra sjøen, har ingen sjenkestader og har eit stort og flott bedehus. Me var eigen kommune fram til 1964, men vart du slukt opp i den kjønnslause og rare kommunen – Songdalen (gamle Finsland og Greipstad og litt av Øvrebø for å få det til å henge saman) – som ingen etniske finslendingar vil vite av. Me er mykje meir knytta til folka lenger inn i landet, og eg er viss på at finslendingane vil ha stor glede og nytte av bladavisa dykkar.
Eg bed difor om ei grunngjeving frå bladfykane på Moisund kvifor ikkje alle som har adresse; 4646 Finsland kan bli med i «det gode selskap». Det bur fleire rikingar her som heilt sikkert ville gje feite annonseinntekter og anna smøring til dykk. Sidan eg har moralsk støtte frå dei utflytta «Evjedølane» Inge Haukom (blant vener kalt Snorre) og Helge Ranestad (linsmannen fra Landås) sender eg kopi av mailen til dei.
Vyrdsamt
Reidar Heivoll






Gode ven.
Eg set umåteleg pris på Dykkar klåre, og godt grunngjeve, førespurnad om å spreie bygdebladet «moisund.com avis» ut til grannefolket i Finsland. Du he mange gode argument som eg he store vanskar med å tale i mot.
Det er mykje likskap mellom etniske finslendingar og innfødde moifolk.
Eg vil no take denne saka opp på høgste hald i bladstyret.
Dette er ei tung sak som krev ein grundig gjennomgang av røynde fagfolk. På mange omkverve.
Mine tankar gjeng fyrst av alt til den økonomiske sida av saka. Ein tung og avgjerande bolk i alle moderne avishus.
Postverket tek seg godt betalt. Trykksverta er jækla dyr, og det skal mykje fossilt drivstoff til for å dekke Finsland på ein redaksjonelt fagleg måte.
Sjølv lever eg frå hand til mund. Skogen er uthoggen, tilveksten er marginal- og løna som såpeseljar er klein.
Det som likevel ber bod om ei viss von i denne samanhengen er det lokale næringslivet og moglege annonseinntekter i heimbygda Dykkar. Eg tenkjer m.a. på kappkøyringsbanen på Vamoen,næringsparken i Hønemyrleiren – og kolonialforretninga i Kilen.
Eit stort bedehus – og eit aktivt kristenliv tener så avgjort til Dykkar fordel.
Eg gjev denne saka høgste prioritet, og du skal ikkje sjå bort frå at før du sit i skinnstolen med føtene på ein skammel, som alderstrygda politimann, så kan du lese moisund.com.avis medan du drikk ettermiddagskaffen. I Finsland.
Beste helsing
øystein moi / bladstyrar