Når elevane skal take den endelege, og avgjerande, praktiske prøva for å få motorsykkellappen må dette skje Kristiansand. Kjell Reidar Sømme er stolt av resultatet sitt. I fjor hadde han ein strykprosent for elevane sine på berre 7 %. Dette var best av samtlege køyreskular som førte elevane sine fram til eksamen hjå Biltilsynet i Kristiansand. Han kan med rette vere stolt av resultatet. Kjell Reidar Sømme, busett i Honnemonen på Moisund. Han driv Agder Trafikkskule i hop med kåna si, Vigdis Moi Sømme. Ei verksemd like solid som sjølvaste Voreheia.(foto: moisund.com ).

Kjell Reidar Sømme he drive Agder Trafikkskule sidan 2006. Utviklinga he vore nærast ufatteleg seier køyrelæraren som he lov til å smile. Som he lov til å vere byrg av eigne resultat. Og av kåna si. Sekretæren.
Han byrja heilt i det små med ein skulebil og ein rimeleg tilhenger. I dag er «maskinparken» bortimot komplett med både bilar, tilhengarar, campingvogn, 6 mopedar og 3 motorsyklar på stallen. Hjå Agder Trafikkskule på Evje fær du opplæring på det aller meste som trillar på hjul og som vert driven fram av fossilt brennstoff.
Etterspurnaden er enorm seier Kjell Reidar og fortel at han kvart år uteksaminerer kring 200 elevar. Kundane kjem frå heile dalen- og frå Kristiansand. Eit godt omdøme og eit mykje rimelegare tilbod enn kva elevane fær hjå tilsvarande køyreskular i byen. «Kvaliteten er sjøvsagt like god som i byen, eller i Arendal, men det er mykje rimelegare på landbygda» smilar den populære køyreskulelæraren frå Honnemonen.
I fjor tok Kjell Reidar Sømme ei fullverdig utdanning for å kunne drive med godkjend opplæring for førarar av snøskutarar. Eit populært tilbod som Agder Trafikkskule er alleine om i heile dalføret. Frå Kristiansand til Hovden. I Honnemonen stend ein ny og blank snøskuter og venter på kalde netter og høveleg snøføre. Elevane stend nærast i kø. Det same gjeld dei som no skal take lappen for tung motorsykkel. Her er lista på det næraste full for komande sesong. Tida er i ferd med å renne ut for evt nye sjåførar som drøymer om å reise på MC-treff for fyrste gong, våren 2011.
Sømme he og investert i ei ny campingvogn i samband med køyreskulen. Mange ynskjer ei opplæring i å manøvrere ein slik stor reidskap før dei legg ut på tur på smale bygdevegar og traffikerte europavegar for fyrste gong. Hjå Agder Trafikkskule vert dette ofte gjort når eleven skal gjennomgå naudsynt oppgradering til førarkortklasse BE / bil med hengar. To fluger i ein smekk.
Når det gjeld MC-opplæringa så he Kjell Reidar 3 ulike motorsykkelmodellar på stallen. For å forklåre kva han meiner så tillet me køyrelæraren å gjere bruk av engelske faguttrykk. Motorsykkelinteressert ungdom i alle aldre skjøner kva han meiner med touring, racing- og streetsykkel. Alle som tek «sykkellappen» hjå Agder Trafikkskule fær høve til å prøve kvar einskild av desse modellane. På Gokartbanen på Moisund.
Førarkort for moped, bil, motorsykkel, skuter, tilhenger eller campingvogn. Hjå Agder Trafikkskule på Verksmoen tykkjest dei ha tilbod på det aller meste. Kjell Reidar og Vigdis.





