Den store idrottsgallaen i Otrahallen er no historie. Mange fekk blanke medaljer og heiderleg omtale i blitzregnet på scena. Det var ikkje plass til alle. Dersom ein blar eit grann i gamle aviser så syner det seg raskt at det og skjuler seg mange idrottsheltar blandt gutane og jentene som du t.d. møter på ein heilt vanleg handletur til Dåsnes. Kjell Moi og Salve Arild Uleberg er to av desse som truleg he ei verdfull premiesamling heime på peishylla. I løyndom. Resultatlista på neste side ber bod om nettopp dette.






