x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  
logo-gsi

Moisund-avisa i 4308 eksemplar

Det er travle dagar hjå Setesdalstrykk på Evje når ei ny utgåve av Moisund-avisa skal klargjerast. Eit opplag, før ei mogleg utviding av nedslagsfeltet, på 4308 eksemplar på glansa papir. Helge Stokkeland (bilete ) driv, og eig, verksemda i hop med Knut på Bø. Saman med dugande medarbeidarar produserer dei det aller meste av trykksaker. Alt frå små visittkort  og fargerike brosjyrar- til aviser og komplette bokverk. Stokkeland he omlag 25 års røynsle med trykksverte og kompliserte trykkerimaskinar. Ein fagmann det gjeng gjetord om øve store delar av Sørlandet. Ein streng sjef når artiklar og bilete skal godkjennast før dei kjem på trykk i moisund-avisa. Helge vil ikkje prente kva som helst. (foto: moisund.com )

Helge Stokkeland framføre ein av dei teknisk avanserte maskinane i trykkeriet. Ein fagmann som set umåteleg høge krav til eit kvart ferdig produkt som skal levarast ut til kundane. (foto: moisund.com )

Ei ny Moisund-avis er snart klar for produksjon og distribusjon. Når tekst og bilete er ferdig korrigert og tilrettelagt, av kollega Knut på Bø, reknar Helge med ar det gjeng temmeleg nøyaktig 26 arbeidtimar før det endelege produktet kan leverast til postverket. Ein tidkrevjande prosess for at resultatet skal verte så bra som mogleg. Når me nemner for Helge at det truleg vert naudsynt å auke opplagstalet med 20-30 %  så vert han tagal -og samstundes flakkande i blikket. Han ser på klokka og kommenterer på sin stillferdige måte at døgeret framleis berre he 24 timar…

Ein annan krumtapp i avisproduksjonen er Knut på Bø. Hjå Knut he døgeret minst 27 timar. Han er mannen som kan operere 2 datamaskinar, og tale i mobiltelefonen, samstundes. Knut skal ha mykje av æra for at Moisund-avisa vert godt motteke hjå dei aller fleste. Typgrafen på Bø. Skipperen på Bjoren.(foto: moisund.com )

Legg igjen ein kommentar (useriøse kommentarer og kommetarer utan namn, vil bli sletta)

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>