Kva skjer?

    Ingen hendinger er registrert
Logo

Arkiv

 

september 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Kva er ein Torslandspank?

Pank he etter kvart vorte eit kjend omgrep i Åseral og dalstroka utanfor. Pank er ei benemning på eit halvtannan år gamalt hanndyr av typen elg. I den seinare tid he ein og høyrd utrykk som «ho-pank» og ikkje minst ein Torslandspank. Ho-pank kjem ikkje frå frå Åseralsspråket i motsetnat til Torslandspank. Men kva er ein [...]

Farleg bruk av laser

Det har den siste tida kome inn nokre meldingar om at mindre born driv å leikar seg med laserutstyr. Det er ikkje lenge sidan det vart meld frå flyplassar rundt i landet at nokon driev med farleg leik mot fly i lufta. Det ER farleg å leike med laser og det ER 18 års aldergrense [...]

Nynorsk næringslivspris 2010 til Bjåen Fjellstove!

Bjåen Fjellstove ved Ragnhild Bjåen på Bjåen i Bykle fekk i går kveld Nynorsk næringslivspris for 2010. Prisen som no vert delt ut for fjerde gong er på kroner 10 000,-. Den vart i si tid etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. «Bjåen Fjellstove har valt nynorsk i all si marknadsføring [...]

Kultur og levande ljos på Birketveit

Søndag 3.oktober: Bli med på vandring der lag og foreninger i Iveland presenterer sitt arbeid på forskjellige poster mellom Bestestaua, bedehuset og hallen! Arrangementet er gratis, men det vil bli solgt kaffe, kaker og annet underveis i løypa! Dette er noe du får oppleve: Musikk av elever i kulturskolen, barnekoret, Iveland skolekorps, «dunk-dunk musikk» [...]

Prest på ville vegar

 Det er ikkje noke nytt at einskilde prestar i kyrkja gjer omtrent kva som helst for å marknadsføre seg sjølve. Presten i Vålerenga Kirke, Einar Gelius, er eit klårt døme på ein slik  klovn. No spørs det likevel om ikkje ein ortodoks prest  i Grimstad  he teke siste stikket i kampen om klovnetrona.  Her kan du lese meir om [...]

Permalink

Opptaksprøve for kulturkonsulenten

Når du vert tilsett som kulturkonsulent i Åseral kommune er det nokre ting du må kunne for å halde fram i jobben etter at prøvetida er øve. Forutan ein del lokalkunnskap, inngåande kjennskap til Eikerapen Roots Festival og historia til Bygdeutstillinga er det ein ting du berre MÅ kunne… Mjølke kyr! Skal du [...]

Framleis ung og lovande

Rune Hodne (33) må framleis reknast som ung og lovande i entrepenørbransja. Han satsar i desse dagar tungt i ein marknad som slit i motbakke. Både nasjonalt -og internasjonalt. Hodne he solid røynsle frå transportbransen og hadde læretida si som lastebilsjåfør hjå fleire av dei lokale transportørane. For 10 år sidan starta han si eiga [...]

Fleire jakt -og haustbilete

OPPDATERT! Etter to dagar me elgjakt, og hjortejakt, byrjar det no å kome inn bilete frå dei ulike jaktlaga. Me he og fenge melding om ulv, men bilete av denne skapningen let vente på seg. Så langt er det mykje som tyder på at det er mykje hjort i terrenget i år. I går vart [...]

Kunstgrasbane på Evje

I eit intervju med Otra TV, laurdag ettermiddag, stadfester ordførar Bjørn Alfred Ropstad at mykje no talar for at byggjing av ein ny kunstgrasbane på Evje snart kan teke til. Ein avtale med Forsvaret vert vonleg underskriven om kort tid, og då ser ikkje ordføraren noke som helst som er til hinder for at anleggsarbeida [...]

Utvidar leikeplassen ved Hornnes skule

Tunge maskinar og røynde fagfolk var i helga i full sving med å utvide leikeplassen ved Hornnes skule. Anleggsleiar er Arnold Falkgjerdet hjå entrepenørverksemda Breistøl & Falkgjerdet Maskiner as. Med seg på jobben hadde han Kjell Vegusdal frå Evje & Hornnes kommune. Rektor ved skulen, Solveig Nystøl Moi, seier at dette er planar dei he [...]

Ein tøff dag på jobben

Han fekk ein tøff dag på jobben no om fredag, branninspektøren i Setesdal, Olav Nese. Brått møtte det opp ein solid gjeng frå Soltun bornehage på Evje. Alle ville sjølvsagt køyre brannbil med blålys og ulande sirener. Dei ville teste både brannvarslarar, pulverapparat og brannslanger med fullt arbeidstrykk. Olav sklei perfekt inn i rolla som [...]

Side 1 av 712345...Siste »