x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930  
logo-gsi

Vert ny sjef på Rema 1000

Richard Dovland (32 ) kom heim til Evje i 2007 og tok øve drifta av ICA- butikken i Evje sentrum. Ein butikk som på mange måtar var nedsliten, utgjenge på dato- og truleg hadde framtida bak seg. Dovland investerte 5 millionar kroner av eigen kapital, og forretninga er i dag ei av dei mest moderne og veldrivne i heile ICA-systemet. Moisund.com fær m.a. stadfesta dette i ein mail frå hovudkontoret til ICA i Oslo den 31.08.2010. Omsetninga he aldri nokon gong  vore høgare enn kva ho er i dag hjå ICA på Evje. Richard Dovland fær heiderleg omtale for måten han he drive forretninga på dei siste 3 åra. No er den dugande forretningsmannen klår for nye utfordringer. Kolonialmajor Odd Reitan er meir enn nøgd med å få Richard Dovland med i stallen sin. Det var den same Reitan som i 2005 kåra Dovland til «Årets kjøpmann» i Oslo.Richard er på mange måtar ein smålåten kar. Han bruker ikkje store ord og når ein kjem inn på omsetningstal og eiga karriere  så er det mest så ein må dra orda ut av ungguten. Etter eit par kaffekoppar og litt kvardagsprat  på kontoret fær me likevel dei svara me er ute etter. Han starta karriera på ein 7-Eleven butikk i Akersgata i Oslo i 2001. Etter kvart kjøpte han ein tilsvarnde butikk i Bogstadvegen – og gav seg ikkje før han sat med eigarskapet til den største 7-Eleven butikken i heile Noreg. Ein omsetnad på 45 millionar gjorde sitt til at Richard i dag er på førenamn med dei fleste gutane i Reitan-familien.

Ikkje utan grunn at Richard Dovland no er beden om å take over Rema 1000 butikken på Tangen i Kristiansand. Reitan var aldri i tvil om kven som var rette mannen her. 7. november (seven – elleven… ) er han på plass i forretninga, sentralt i sørlandsbyen. Ei tøff investering – og ei stor utfordring.

I desse dagar held han på med å selje unna eigenlutane sine frå butikken på Evje. Varelager, inventar og all slag lausøyre. Den gamle kontorstolen medrekna. ICA-konsernet er no i full sving med å finne nye drivarar til forretninga. Dovland er likevel svært glad for at dei tilsette, gjennom eigne avtalar, er sikra fortsatt arbeid  hjå det som på folkemunne framleis vert kalla «Matsenteret.

Richard Dovland skal no pendle mellom Moisund og Tangen i Kristiansand. Ein ung forretningsmann med tru på framtida - og eit fortsatt godt liv på Moisund Elvebredd. Tett attmed åna.



Stengt for kommentarer.