Vêret kunne ikkje vore betre. Skinade sol og «stuttbuksevêr» i september. 137 personar stod tidleg opp denne sundagen for å bevega lekamen opp langs Dåsvassvegen og ned att på hisida av åna. Nokon for fyrste gong, andre for 33.gong. Nokon tusla forsiktig rundt medan andre nytta høvet til å teste kondisen. Rune Ågedal (bilete) var ein av dei som sprang rundt løypa. 1:08:33 synte uret når han passerte mållinja, ein puls på 168 var eit tydeleg prov for ein tøff tur. Rune deltok for 30 gong og he dei siste 17 åra teke turen frå Oslo for å delta på marsjen!






Jentene fra Moi altså
3 spreke generasjoner
)