Boksaren Jamshid Nazari frå Evje – og Afghanistan, men medlem av bokseklubben AIK Lund i Kristiansand, vann i dag semifinalen i Bokse-NM for juniorar, klasse 64 kg. Meisterskapen gjeng føre seg i Drammen. I morgon sundag skal Jamshid bokse finalekamp om Norgesmeistertittelen. (foto: privat )
Røyrleggjar Harald Aas- og maskinentrepenør Ole Jakob Austenaa grev seg gjennom is og sørpe på Verksmoen. Medan Harald koplar i hop vassleidningar og kloakkrøyr fleire meter under bakken, sit unge Austenaa og dirigerer det heile frå ei varm førarhytte på gravemaskinen. Gutane skal syte for at det vert rennande vatn i dusjen, og tilfredstillande toalettilhøve, [...]
Kven seier at ungdomen i dag er late, og ligg heime på sofaen med ein fjernkontroll i kvar hand og ein pose med Sørlandschips på magen? Evjeguten Terje Stifoss (bilete ) og honndølen Anders Hasseldal er døme på det stikk motsette. I dag, laurdag, stend dei på startstreken i Holmenkollen. Framføre dei ligg 54 km [...]
Lloyd Gundersen er tømmerhandlar på full tid. Ikkje noke yrkestittel du fær med på kjøpet når du er ferdig på høgskule eller universitet. Dette er ein jobb kor du er avhengig av full tillit hjå skogeigaren – og ikkje minst så er du avhengig eit omfattande kontaktnett i heile nedslagsfeltet. Lloyd tykkjest vere på førenamn [...]