Eit møte med heidersmannen Torbjørn G. Haugen (83 ): Det er ein tidleg laurdag føremiddag då me svinger inn i tunet hjå Torbjørn G. Haugen på Åraksbø. Bygda ligg vakkert attmed fjorden. Frukttrea blømer, graset er grønt, auren vaker og nede ved åna er eit par ungdomar i ferd med å skyle lekamen i friskt og kaldt fjellvatn. Det er framleis snøsmelting i dalføret lenger nord, og badetemperaturen ber nok bod om nettopp dette.
Torbjørn saknar butikken og posthuset på Åraksbø. Samlingsplassen i bygda er borte, og kjem aldri attende. I grannelaget vert det stadig fleire hus med nedrulla gardin, plastblomer i vindaugskarmen og gjenngrodde gardstun. På gardsbruket Søndre Haugen sit vår ven Torbjørn på tunet i ein velbruka plaststol. Tobakksipa er aldri langt borte- det same gjeld den gode historia og den lune låtten. Krystallklår i hovudet og med eit minne og ein detaljrikdom som mange yngre folk berre kan drøyme om.
Skogen og garden he alltid vore Torbjørn sin verdfulle arbeidsplass. Etter fullført skulegong i den lokale skulestova gjorde han det klinkande klårt for omverda at han aldri meir ville på skulebenken. I stallen venta hesten. Ein trugen ven og arbeidkamerat. Heile livet.
Han fortel at ein skulelærar, Kummen, kom beinveges frå Byglandsfjord på sykkel for å øvetale ungguten til å byrje på landbruksskule. Læraren kom fånyttes. Medan venene og skulekameratane drog ut i verda på nye eventyr så vart Torbjørn verande på Søndre Haugen. Eit val han aldri he angra på.
Når Torbjørn fortel om foreldra sine er det mest som røysta vert sitjande fast i kråsen. Kjennslene er sterke. Minnene er sterke. Han talar med byrgskap og glede om gilde foreldre og ein trygg og god heim. Når ungguten kom heim frå strevsome, og kan hende vanskelege dagar på skogen, var det alltid trøyst og venlege ord å få frå far. Dette gav meg ei livsrøynsle og ein tryggleik som eg he take vare på resten av livet.
Det kunne vere tøffe dagar på skogen. I 1948 var dagløna for hest og hoggar 32 kroner. Ofte var det lang køyring og tøffe akkordar. 2 vender om dagen med tømmer som måtte barkast og klargjerast . Eit slit, men eit fritt og eit verdfullt liv.
«Eg tenkjer mange gonger attende på middagskvilen på heia. Hesten stod og åt høy. Eg fyrte opp bålet og kosa meg med kaffe og ein god røyk. Då kunne ein verkeleg sjå ljost på livet.»
Torbjørn G. Haugen vert tankefull. Minna vert sterke. Helsa og alderen gjer at han he køyrd sin siste tømmervending heim frå dei bratte liene kring heimegarden. Me tek ei pause og kjem inn på nokre emne som ikkje høver seg på prent. Låtten ljomar i veggane på Søndre Haugen og tobakksrøyken sig ut frå verandaen. Korkje mygg eller fivrel vågar å nærme seg det livlege selskapet.
Hesten he vore Torbjørn sin gode ven og trugne arbeidkamerat gjennom eit langt arbeidsliv. Ein gode ven i både vonde og gode dagar. Torbjørn G. Haugen er ein høgt respektert mann i tråvmiljøet og he sjølv hatt hestar som he stilt til start på Bjerkebanen, Klosterskogen, Jarlsberg Travbane og sjølvsagt i Sørlandets Travpark. Sjølv he han aldri løyst lisens for å vere kusk, men når det var iskøyring på Byglandsfjord eller på Hornneskilen sat han sjølve i sulkyen.
Namn som Tønnes Haugland og Notto Abusdal minnast han godt når det vert tale om kappkøyring på islagte vatn.
Det vart likevel aldri den store satsinga på tråvkøyring. Tømmerkøyring og tråvkøyring var ikkje alltid så lett å kombinere. Me talar om ei anna tid. Om farne tider. Store avstander og kostbar transport gjorde sitt til at hesten heller fekk kvile seg på stallen.Torbjørn he aldri satsa dei store pengesummene på hestespel. Det var vanskeleg å bruke hardt opparbeidde dagpenger i speleluka på tråvbanen.
Hestesporten og tråvmiljøet he likevel gjeve mange gode minne. Miljøet var så mykje betre før i tida. Då hadde folk tid til å talast- og dei kunne verkeleg tale med kvarandre. Skryte og lyge om det meste. Var det heilt naudsynt så ville nok ein ekte hestekar den gong auksjonere bort kjerringa lenge før han gav frå seg hesten…
I dag er det pengene som rår. Miljøet er på mange måtar øydelagt, og mykje av trivselen er borte.
Torbjørn G. Haugen he aldri teke del i det indre politiske livet i kommunen. Han er likevel ein mann med klåre meininger om det som rører seg i samfunnet. «Måten kommunelækjar Vidar Toreid vart handsama på er ei skam og eit ope sår for heile bygda. Toreid var ein gild mann og ein tryggleiksfaktor for innbyggjarane. Han kunne du ringe til heile døgeret dersom helsa svikta. Kontortid var ikkje noke tema hjå den karen.»
Lækjardekninga var mykje betre tidleg på 1800 talet enn kva ho er i dag. Den gong kunne folk på Åraksbø ro øve fjorden til Frøysnes og få medisinsk hjelp. Fuglane veit kor ein må reise i dag. »
Torbjørn er fødd og alen på Åraksbø. Namnet he han etter bestefaren, og her vert han verande så lenge helsa speler på lag. Han er den einaste attlevande i ein syskjenflokk på 6. Nye generasjonar flytter til bygda, men attgrodde jorder, attgrodde stier og tome gardstun ber bod om ei tid som aldri kjem attende. «Gamle Åraksbø kjem aldri attende» seier mannen i plaststolen.» På gardvegen passerer bilar med travle hyttefolk på veg til fritidbustaden oppe i lia. Torbjørn lyfter handa og helsar. Høfleg, men avmålt. Dei gamle venene, dei ekte venene er borte for alltid. Dei he fenge si evige kvile på kyrkjegarden som ligg berre eit steinkast frå tunet på Søndre Haugen. I vigsla jord ved Sandnes kyrkje. .
Bygda ligg der så vent kring fjorden
Der leikar fisken, der byggjer bjoren.
Det er den venaste stad på jord.
Det er Åraksbø ut i Sandnes sokn.









Fint stykke om ein heidersmann som eg har vore så heldig å sitje saman med på trappa mange gonger, drukke kaffi, prata og også teia saman.