Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2011
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28  
logo-gsi

Hjørnesofa frå IKEA

Frå arkivet: I løpet av dei siste åra he ein eigenskap hjå kvinnfolka gjenge i arv –  og samstundes fenge utvikle seg utan atterhald. Jakteigenskapa vert høgt prioritert i avl hjå fuglehunden. Hjå kvinnfolka he ”shoppinggenet” fenge utvikle seg. Ikkje gjennom avl- men gjennom naturleg øksling og kristeleg oppseding..  Det er plent som å sleppe vårkåte kyr ut på beite om våren. Heilt utan styring og kontroll.

Eg kjenner sveitten byrjar å renne nedetter ryggtavla. Me he nyleg passert Liertoppen og er på veg nedover bakken til Slependen. Eit par mil vest for Oslo. På veg til Ikea for å handle ny sofa til stova. Ein hjørnesofa i fløyelsstoff. Sveittinga skuldast ikkje trafikken på E-18, men tanken på det som er i kominga. Medan andre kan ha mareritt i fleire netter før dei skal til tannlækjaren, så gler eg meg hjarteleg til ein tannlækjartime framføre ein dag på Ikea. Hadde det berre vore tale om ein kjapp tur innom lageret for å hente hjørnesofaen så hadde alt vore greitt. Dette he vore planlagt i fleire månader. Av kjerringa. Type og farge er fastsett på førehand, og ho he sjekka i katalogen at måla på sofaen er i samsvar med dei innvendige måla til ein Volkswagen Caddy. Modell 2002.

Pulsen stig endå eit grann då eg i venstre augekrok fær eit glimt av den blågule logoen til varehuset. Svenskefa…. Eg kjenner ein byrjande verk nede på høgre side av ryggen. Der kor lommeboka er. Kjerringa er som ein unge på lisle jolaftan. Eg røkk ikkje å stogge bilen i parkeringshuset før kjerringa er ute av dynna. Med faste steg og handel i blikket, fer ho mot inngangsdynna. Eg he eit svare strev med å halde fye. Sjå etter neste gong du sjølv er på Ikea. Kjerringa spring alltid fyrst medan mannen kjem pesande etter. Mykje likt på ei veldressert bikkje. Border Collie.

Ho hadde ikkje tid til å vente på heisen. Det gjekk i fullt firsprang opp trappa. Straks eg kjem på toppen av trappa kjennast det omlag som det gjer etter ein sykkeltur rundt Byglandsfjorden.Lekamen verker og eg treng å setje meg nedpå. Ein kvil. Medan kjerringa leiter etter ting å stappe i handlevogna så nytter eg eit kvart høve til å prøvesitje ein stol. Dersom du nokon gong skal kjøpe stol på Ikea så spør meg. Eg he prøvd dei alle i hop. Det er snodig med slike varehus. Dei he leikerom og parkering for borna. Ingen tenkjer på mannen? Hadde dei no i det minste hatt eit rom innreia med stressless, kaffemaskin og fotballkamp på storskjerm. Slik er det ikkje. Mannfolka må klare seg sjølve. He ein fyrst kome inn på Ikea så er ein fanga. Her er det nyttelaust å hoppe av undervegs. Heile den oppmerka løypa må følgjast. Frå start til mål. Ingen snarveg til fridomen.

Etter fire timar er kjerringa tolig nøgd. Handlevogna er full av all slag ”dill-dall”. Eg spør varsamt om kor hjørnesofaen er og fær som svar at den må hentast på lageret. Kvifor reiste me ikkje rett på lageret då, det var jo sofa me skulle ha… All diskusjon er fånyttes. Medan eg skuver den femte pylsa, til fem kroner stykket, ned i kråsen, er kjerringa ferdig i kassa. Ute på lageret, ti minutt seinare, syner me fram lappen me hadde fenge på varesenteret. ”Sett dere ned å vent” var meldinga me fekk på Bærumsdialekt frå ein tyggistyggjande, slesk fyr. Kunne han no i det minste ha lukka kjeften medan han tygde!

Etter ein dryg time venting vert det endeleg vår tur. Dei kom med sofaen på ein gaffeltruck. Fire kolli! Ingen av dei hadde ein storleik som passa inn i Caddyen. Det hadde no byrja å regne ute. Det var berre ein ting å gjere. Heile driten måtte pakkast ut! Me reiv opp pappkassene, medan folk rundt oss berre rista på hovudet. ”Eg har alltid sagt at du skulle kjøpt ein større bil” slengde kjerringa til meg. Eg kjende det kokte innvortes. Drittkjerring! Etter ein times arbeid hadde me på ein uskjøneleg måte fenge det meste av sofaen under tak. På innsida av lasteromet. Berre ein dryg halvmeter stakk ut på baksida av bilen. Bakdøra fekk me ikkje lukka.  Det sprutregna. Det hølja ned. Heimturen til Moisund byrjar no. 358 kilometer med open bakdør, ein hjørnesofa frå Ikea halvvegs ute av bilen og ei mannvond kjerring innepakka i puter og ”dill-dall” ved mi høgre side. Me kom heim ei gong midt på natta. Lenge etter sømeleg leggjetid. Hjørnesofaen kom i hus. Full av søyle- og halv av vatn. Resten av natta gjekk med til montering av sofaen. Ein sofa som på ingen måte var flatpakka. Monteringsrettleiinga var på 24 tettskrivne sider

No he kjerringa byrja å tale om ein ny tur til Ikea. Ho meiner me treng 4 nye stolar som passer inn i hop med den vassdrukne hjørnesofaen….

1 kommentar til Hjørnesofa frå IKEA

  • He aldri våga meg inn i ei IKEA-sjappe.
    Dritlukta skal ligge tungt i lokala.
    Vistnok mest småbarnsfamiliar med bleieungar som handlar der.

Legg igjen ein kommentar (useriøse kommentarer og kommetarer utan namn, vil bli sletta)

  

  

  


*

Du kan nytte desse HTML teikna

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>