2002 – 2014

Her blir det liv – Sørlandsliv

«Sørlandsliv.no er en kraftpakke som både kan inspirere fastboende, og ikke minst de som tenker å ta en jobb i landsdelen – eller flytte hjem.» Han he lange og travle arbeidsdagar, Stian Rønvåg, prosjektleiar i den nye internettportalen Sørlandsliv.no. Skal han lukkast er han avhengig av eit tett og godt samarbeid med det aller meste av politikarar og næringslivsfolk i båe agderfylka. Så langt er reaksjonane- og mottakinga overveldande. 1000 personar er så langt kontakta, og i skrivande stund er det berre 3 personar på heile Sørlandet som he uttala seg negativt til prosjektet. Utgangspunktet er det aller beste, og Stian Rønvåg er ein ukueleg optimist.

Blandt viktige samarbeidspartnarar kan me nemne Sparebanken SØR, Agderrådet, Agder Energi og Universitetet i Agder. «Prosjektets målsetting er å vise fram hva denne landsdelen og dets virksomheter får til, og informere om mulighetene.» I fylgje Rønvåg så he det offentlege Sørlandet, og næringslivet i regionen, vore mest opptekne av å formidle kva som skjer i landsdelen vår på sumarstid, i fellesferien. Det skjer så avgjort noke på Sørlandet heile året, og nettopp dette er det viktig å få fram i fylgje den veltalande prosjektleiaren. Eit samarbeid med alt som kan krype og gå av t.d. nettaviser på Agder er ei viktig informasjonskjelde for Sørlandsliv. Dette var ein av årsakane til at Rønvåg vitja bladstova på Moi ein førmiddag i denne veka.

Sørlandsliv skal på mange måtar vere ein innkastar til det sørlandske næringsliv, og eit moderne oppslagsverk for folk som er nyfikne på landsdelen. Folk som vurderer å flytte til Agder, som kan hende vurderer å flytte attende til heimbygda, skal finn tilstrekkeleg og oppdatert informasjon på denne nettstaden. Eit interaktivt kart der alt frå bornehagar, skular, matbutikkar, idrottsanlegg, turløyper – til kvar einskild bustadeigendom er registrert kan vere eit svært viktig verktøy i ein slik prosess. Hjå moisund.com er me sjølvsagt svært så positive til dette prosjektet, og ser fram til eit langt og fruktbart samarbeid på verdsveven.

Ei triveleg kaffeøkt i hop med Stian Rønvåg vart ein triveleg og god start.

 

Guten visste korleis han skulle marknadsføre seg då han vitja Moisund denne onsdagen...

www.sørlandsliv.no

Leave a Reply