2002 – 2014

Valde Espetveit framføre Dubai

Frå arkivet: Dei kom til Noreg for snart 4 år sidan. Ralf er utdanna kirurg medan Liane er gynekolog. I dag er dei busett på Espetveit, langt inne i skogen attmed vegen inn til Abusdal. Her he dei funne sitt eige paradis. Eit småbruk med sau, hest og to hundar. Ein god og fredeleg stad å kome heim til etter ein lang arbeidsdag på sjukehuset i Kristiansand. Eg vitja dei heime på garden og fekk historia om den vanskelege vegen frå tidlegare DDR til eit fritt liv på Espetveit.

Ulva og Anauk tok i mot meg på gardstunet. Dei to små hundane synte med si framferd at eg var hjarteleg velkomen til gards. Det same inntrykket fekk eg då eg møtte gardsfolka. Gjestfrie og trivelege frå fyrste stund. Me var ikkje kome langt ned i den fyrste kaffekoppen før eg fekk høyre historia. Ei dramatisk historie som enda godt. På Espetveit.

Rømde frå regimet i Aust-Tyskland

For ein kar som he vakse opp i eit fritt samfunn på det sentrale Moi er det vanskeleg å setje seg inn i dei tilhøva som Ralf og Liane levde under i det tidlegare Aust-Tyskland, eller DDR om du vil. Begge hadde dei utdanning innan medisin og var fast tilsette som lækjarar på eit sjukehus. Sett i høve til forholda elles i landet hadde dei det godt. Eige husvære i Magdeburg, og ein trygg jobb.

Ralf måtte avtene tre års teneste i militæret for å kunne kome inn på dei studia han ynskja mest av alt. Slik var det i dette landet. Skulle du kome inn på høgare utdanning så måtte du ”kjøpe” deg plass gjennom militærteneste. Ralf hadde eit kall om å verte lækjar, eit kall om å kunne hjelpe folk som trong det. Han fann seg aldri til rette med det særeigne regimet og den politiske styringa i landet. Ein vart overvaka heile tida og ein hadde ikkje noko fridom i det daglege liv. Broren vart fengsla for å protestere mot regimet, og då han etter halvtannan år vart sett fri og kom seg over til vesten, fann Ralf og familien ut at dei måtte gjere det same. Ein plan om ei dramatisk flukt til vesten byrja å take form. Med falske papir og med god hjelp frå ei politikvinna, som Ralf hadde operert for gallestein, klarte han å kome seg øve grensa i 1987. Med ein pengesetel i rett valuta gøymd i sokken. Denne setelen var penger nok til å kome fram til broren som nå hadde busett seg her. Planen var så å få familien etter, men slik gjekk det ikkje. Liane og borna fekk store problem heime. Pass og alle papir vart inndregne og dei vart overvaka heile døgeret.

Ralf tok kontakt med ein kjenning som hadde gode kontaktar i regjeringa i Bonn. Kampen om familiegjenforeining var i gong. Ti dagar etter flukta til Ralf fekk Liane gjennom ein kurer greie på at han hadde kome seg over grensa, og at alt stod bra til. Det var ikkje slik som i dag at ein berre kunne ringe på mobiltelefon eller sende ein SMS. Ikkje hadde dei telefon og all post vart opna av styresmaktene så det vart lite kontakt med familien i dei to neste åra. Det vart to lange og tunge år for heile familien.

Søkte tilflukt i Praha

Juli 2009, to og eit halvt år etter at Ralf kryssa grensa, fekk Liane og borna passa sine attende. Dei drog straks til Praha. Det hadde seg nemleg slik at Tsjekkoslovakia og Polen var dei einaste landa dei hadde lov å dra til. Dei søkte tilflukt i den Vest-Tyske ambassaden i tre veker. Dei levde på stridsrasjoner til soldatane som var stasjonert her, medan diplomatiet mellom aust og vest gjekk sin gang. Sidan det ikkje var mogleg å kome til vesten frå Praha så måtte dei reise attende til Magdeburg, men no med lovnad om at dei skulle få utelevering til Vest-Tyskland innan eit halvt år. 1.november fekk dei melding om at dei måtte reise innan eit døger. På berre nokre timar måtte dei samle stempel og underskrifter på reisedokumenta. Eit ”løpeskjema” kor dei måtte dokumentere at dei ikkje hadde noko uoppgjort i landet dei no ville forlate. Alt av eigendelar vart fordelt til familie og vener. Liane og borna var erklært statslause og kunne krysse grensa. Berre nokre dagar seinare fall muren!

Busette seg i Vest-Tyskland

Etter over to år kor familien hadde vore frå kvarandre, så byrja eit nytt liv for familien Dittert i 1989. Begge fekk dei seg arbeide på eit sjukehus og i mange år frametter hadde dei husvære i Einsheim og arbeide i den tyske byen Worms. Omlag 70 km frå Frankfurt. Begge hadde dei gode jobbar som kirurg og gynekolog. Mykje arbeid og lite fritid prega kvardagen dei neste åra, og begge var dei samde om at dei ville prøve seg ein anna stad. Eit anna land og ein annan kultur. Dei fekk båe eit tilbod om arbeid i Dubai. Eit nytt sjukehus var under bygging og ekteparet planla difor å flytte til meir sørliggjande strok. Til varmare strok. Store forseinkingar i samband med utbyggjinga, og ei lita notis i lokalavisa gjorde til at reisa i staden gjekk nordover. Sørlandets Sjukehus i Kristiansand lyste etter lækjarar i ei tysk avis. Ein kald novemberdag i 2006 drog dei til Kristiansand. I fyrste omgang var det berre arbeid til Ralf, men etter tre månader fekk dei melding om at sjukehuset hadde løna arbeid til båe to. Familien hadde «styremøte» ved kjøkkenbordet. Alle skulle dei, på eit blankt ark, skrive argument for -og i mot Dei Sameinte Arabiske Emirater, Austerrike (kor dei og hadde fått tilbod om jobb) og Noreg. Noreg og Kristiansand vart ein suveren vinnar. Sjølv om borna som no var vaksne, var noko skeptisk til at foreldra skulle flytte til det kalde landet langt der oppe i nord…

Flytta til Noreg i august 2007

Ralf og Liane Dittert flytta til Kristiansand utan å kunne eit einaste ord på norsk. Dei hadde nyleg gjennomført eit lynkurs i engelsk for å flytte til Dubai, og brått var det norsk dei skulle tale. På grunnskulen i DDR var det berre tysk og russisk som var tillete som språk. Alt måtte lærast frå botnen av. Intensivt språkkurs dei fyrste tre månadene gjorde sitt til at dei begge taler glimrande norsk i dag.

Den fyrste tida budde dei i ei kjellarleilegheit i Kristiansand, medan dei var på leiting etter eit småbruk ute på landet. I mai 2008 fekk dei draumen oppfylt. Dei hadde funne sitt paradis. Her he dei funne seg vel til rette saman med gode grannar På Espetveit, eit lite småbruk i skogen, tett attmed vegen inn til Abusdal. Langt frå Dei Sameinte Arabiske Emirater.

Lækjarekteparet koser seg i fjoset etter arbeidsdagen på sjukehuset.

Leave a Reply