2002 – 2014

Velvaksen brunbjørn er observert i Iveland

Mobilfoto: privat

Det var grytidleg onsdag morgon at vakthavande bladfyk vart oppringd av ein oppsitjar frå Iveland. Ivelendingen var pustfull og skjelvande i røysta. Omlag 3 km nord for kommunesenteret Birketveit, ved Dalheim, hadde han fenge auge på ein velvaksen bjørn som låg og velta seg på grasvollen, få meter frå køyrevegen. 21 minutt seinare var moisund.com på åstaden.

Kristian Støle er busett på garden Dalheim i Iveland og er utdanna Taxidimist. Det betyr at han driv med utstopping av små og store dyr. Denne veka he Kristian avslutta eit prosjekt innanfor kategorien store dyr. Ein velvaksen brunbjørn, med ei levande vekt på 211 kg, ligg på arbeidsbenken i verkstaden. ( foto: moisund.com )

Bjørnen- og Kristian he på mange måtar hatt eit nært og godt samarbeid dei siste 2 vekene. Resultatet vart imponerande. ( foto: moisund.com )

 

I tillegg til bjørnen er det mange andre dyr å sjå i verkstaden hjå Kristian Støle. Han he eit godt omdøme når det gjeld jobben som Taxidimist, og ordreboka heime på Dalheim er ofte meir enn full.(foto: moisund.com)

 

Kristian smiler lurt når han fortel om ettermiddagen då han bar ut den store bjørnen og plasserte han på grasvollen mellom sethuset- ogb fylkesvegen. Det er ikkje kvar dag det meldast om trafikale problem i Iveland, men denne dagen var det klåre teikn til trafikkork mellom Birketveit og Frigstad. Det var mange som ville ha private bilete av den lokale sensasjonen... (foto: Kristian Støle )

 

 


 

Leave a Reply