2002 – 2014

Lindåna Kraft as er i full drift

Det var ingeniøren,  og honndølen,  Aasulv Tønnesland som i 1918 gjennomførte ei undersøkjing m.o.t til utnytting av vasskrafta i Lindåna på Hodne- i Evje & Hornnes kommune. Planane vart etter kvart lagt i ei djup skuff  og vart liggjande der heilt til for få år sidan. Dei to grunneigarane, Søren Hodne og Terje Abusland, var i dag stolte vitne til at fylkesmann Øystein Djupedal opna eit topp moderne kraftverk i Lindåna. 1079 meter frå utløpet av Skranevatnet- og nær 100 år etter at planleggjingsarbeidet tok til. Me kan,  utan atterhald,  stadfeste at Moisund no er sjølvforsynt med elektrisk strøym. Stuttreist strøym- med grønt sertifikat. (foto: moisund.com )

Johannes Flaata er prosjektleiar hjå verksemda "Bekk og Strøm". Det er denne verksemda som he prosjektert anlegget i Lindåna - og dei er samstundes inne på eigarsida i kraftverket. " Dette er ei grei investering - og eit lønsamt prosjekt" seier fagmannen som he vore med på utbyggjing av omlag 15 tilsvarande småkraftverk i Noreg. (foto: moisund.com )

 

Det er Repstad Anlegg som he vore hovudentrepenør. Heile anleggsperioden vart unnagjort på mindre enn 8 månader. (foto: moisund.com )

 

Det er kraftige dimensjonar på det tekniske utsyret inne i kraftstasjonen. Då anlegget fyrste gong vart planlagt, for omlag 100 år sidan, var priskalkyla på omlag 100 000 kroner. I dag syner prislappen 18 mill kroner. (foto: moisund.com )

 

Ordførar Ropstad stod klår med blomebuketten medan fylkesmannen leita fram både dressjakke- og manuskript. To gilde gutar som såg ut til å trivast i kvarandres selskap. (foto: moisund.com )

 

Brått dukka bladfyken frå det vesle bygdebladet Setesdølen opp med brennheite nyhende på glansa papir. Fylkesmannen las med interesse og innleving. (foto: moisund.com )

 

Sentrale personar i samband med den høgtidelege markeringa: F.v. Ordførar Bjørn A. Ropstad, fylkesmann Øystein Djupedal, landbruksdirektør Leif Løhaugen, Terje Abusland og Søren G. Hodne (foto: moisund.com )

 

Både lokale- og regionale styresmakter var tungt representert under opningsseremonien. Skatteoppkrevjaren i Setesdal, Bente Lantz, holdt eit vakent blikk med det meste som skjedde på stemneplassen. Lantz seier i ein kommentar til moisund.com at ho ikkje reagerte på at fylkesmannen fekk med seg heim gratis smør, frå Hodne Gård, som takk for innsatsen. Slikt er ikkje skattepliktig seier den lokale skattefuten. Med ettertrykk. (foto: moisund.com )

 

Grunneigar Terje Abusland ynskja møtelyden velkomen og heldt ein god- og informativ tale. (foto: moisund.com )

 

Fylkesmann Djupedal øverekte eit bilete av ein fivrell - eit bilete som for all framtid skal hengje på veggen, inne i kraftstasjonen. (foto: moisund.com )

 

To staute, og velvaksne karar, som helsa kvarandre på kongeleg vis. Terje Abusland (t.v. ) og fylkesmann Djupedal (foto: moisund.com )

 

Brått vart fylkesmannen eit grann ottefull. Han fekk i oppdrag å starte opp heile kraftstasjonen. Ikkje så heilt enkelt når ein ikkje he lest bruksanvisninga på førehand.(foto: moisund.com )

 

Djupedal løyste oppgåva på ein framifrå måte. Turbinen skaut fart, og strøymproduksjonen tok til omgåande. Nok strøym til 240 husvære. På Moisund. (foto: moisund.com )

 

Vår lokale jordbrukssjef, Inge Eftevand, var hjarteleg tilstades for å kaste glans øve hendinga. (foto: moisund.com )

 

Redaktør Sigurd Haugsgjerd gjekk i skorfeste midt ute i Lindåna. Han rakk likevel fram tidsnok til matøkta, og han åt dugeleg. (foto: moisund.com )

 

Bak ein kvar suksess i næringslivet stend det alltid ei sterk kvinne. Bak suksessen i Lindåna stend det beint fram to sterke kvinner. F.v. Kirsten Abusdal og Ingebjørg Hodne. Gift med kvar sin grunneigar. (foto: moisund.com )

 

Me avslutter denne reportasjen med ein porsjon teknisk informasjon. (foto: moisund.com )

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply